Årdal kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som kateket / kyrkjelydspedagog / trusopplærar med arbeidsstad Øvre Årdal – og Nedre Årdal sokn.

 

Øvre Årdal sokn og Nedre Årdal sokn ligg i Årdal kommune i Vestland fylke. Kommunen har 5 170 innbyggjarar med eit godt utbygd tenesteapparat, og er ein kulturell-og idrettsaktiv kommune. Her er èi kyrkje i kvart sokn, i tillegg til eit funksjonelt kyrkjelydshus på Årdalstangen i Nedre Årdal sokn. Kyrkjekontoret ligg i Rådhus II i sentrum av Årdalstangen.

Vi søkjer ein person som:

har kompetanse innanfor pedagogikk og kristendom
har erfaring med, og likar å jobbe med barn og unge
har evne til å jobbe sjølvstendig og likar å samarbeide med andre

Den som blir tilsett må:

vere medlem av Den norske kyrkja
vise politiattest
Relevant erfaring kan erstatte formell kompetanse. Noko av arbeidstida må påreknast å bli lagt til kveld/helg.

Arbeidsoppgåver er blant anna å vidareføre innarbeidde tiltak og utvikle nye trusopplæringstiltak i sokna, i tillegg til å vidareutvikle samarbeidet med andre organisasjonar, barnehagar og skular.

Vi tilbyr:

ein spennande stilling der det er eit godt rom for å utvikle og satse på arbeidet blant barn og unge i Årdal
løns-og arbeidsvilkår etter gjeldande regulativ og tariff
medlemskap i KLP

For meir informasjon om stillingen, kontakt kyrkjeverje Johanne Molland, tlf. 477 99 135 eller sokneprest Wenche Lie Lysne, tlf. 995 54 531. Send søknad med rettkjende kopiar av attestar og vitnemål innan 29.oktober til;

Årdal kyrkjelege fellesråd, Postboks 41, 6881 ÅRDALSTANGEN eller

[email protected]

 

Del stillingen

Selskap

Årdal kyrkjelege fellesråd

Lenke til firma

https://ardal.kyrkje.no/

Kontaktinfo

  • Wenche Lie Lysne
  • Tittel: sokneprest
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 995 54 531

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

Oktober 29, 2021