Kateket/Kyrkjelydspedagog, fast stilling 100 %,
- Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Sæ 21, 5411 Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog – kateket
Oppstart: Etter avtale
Type ansettelse: Fast
Arbeidstid: Skift, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til: liv.kari@kyrkja-stord.no
Trusopplæringa i Stord og Nysæter.
Fast stilling som kyrkjelydspedagog, 100 % etter avtale.
Arbeidsområde
- Oppgåver innan trusopplæring og kyrkjeleg undervisning med særleg fokus på aldersgruppa 0-18 år.
- Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller lærar.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi og pedagogikk vil også bli vurdert.
- Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
- Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
- Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
- Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Personlege eigenskapar
- Hjarte for barn og unge.
- God formidlingsevne.
- God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
- God relasjonsbyggjar.
- Kreativ og nyskapande.
- God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
- Evne og vilje til samarbeid.
Me kan tilby
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande KA-tariff.
- Pensjonsordning i KLP
Anna
- Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
- Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
- Du må trivast med ein del kveld -og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: liv.kari@kyrkja-stord.no
Om bedriften
Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og 1 ungdomsprest.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Sektor: Offentlig
Nettsted: https://www.kyrkjastord.no