Kateket
Kvam kyrkjelege fellesråd
Det er ledig 80 % vikariat som kateket i Kvam frå 1. august 2022 til 31.07.2023.
I Kvam er det 4 sokn med 5 kyrkjer, ca 8.500 innbyggjarar og 2 prestestillingar.
I Kvam er det også tilsett kyrkjelydspedagog i 50% stilling. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Fellesrådet har også kyrkjeverje i full stilling, 2 kantorar, kyrkjegardsarbeidarar og sakshandsamar
med ansvar for alle sokna. I tillegg er det tilsett kyrkjetenar ved kvar kyrkje. Utanom dei
tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.
Vi søkjer etter person med kateketutdanning, men dei med tilsvarande utdanning som pedagogikk og
kristendom vert også oppfordra til å søkje.
Vi leiter etter ein fleksibel og kreativ person med gode samarbeidsevner og godt humør.
Ein inspirator som kan arbeide målretta og sjølvstendig.
Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar til kateketarbeid vil verte vektlagt.
Søknadsfrist: 21.05.2022
Arbeidsgivar: Kvam kyrkjelege fellesråd
Stad: Norheimsund
Stillingstittel: Kateket
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4517522873
Arbeidsområde:
Kateketen er undervisningsleiar for kyrkja i Kvam
Hovudansvar for iverksetjinga av trusopplæringsplanen.
Hovudansvar for konfirmantundervisninga.
Samarbeid kyrkje/skule/barnehage.
Gudstenestearbeid knytt til undervisningsoppdraget.
Vegleiing og motivering av frivillige medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver elles i samsvar med ”Tenesteordning for kateketar”
Me tilbyr eit godt arbeidsfellesskap saman med dyktige og motiverte medarbeidarar.
Kvardagen vil by på samarbeid mellom fellesrådstilsette, prestar, frivillige medarbeidarar og sokneråd.
Kvam er ein langstrekt kommune, noko som fører til ein del køyring.
Kateketen må disponera eigen bil, og får køyregodtgjering etter gjeldande takstar.
Kateketen må være medlem i Den norske kyrkja.
Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som gjeld i kyrkja.
Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.
Spørsmål omkring stillinga kan rettast til
kyrkjeverje: Sigrid K. Eriksen-Tufteland tlf 41 40 00 35
kateket: Mampion Andriamandimby tlf 99 08 92 85
Søknad med CV kan sendast pr. e-post eller brev til:
Epost: [email protected] / [email protected]
Postadresse: Kvam kyrkjelege fellesråd, Postboks 39, 5601 Norheimsund
Kyrkjevegen 40, 5600 Norheimsund, Norge
Kontaktinformasjon
Sigrid K. Eriksen-Tufteland
414 00 035