Kateket

 

HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD

6091 Fosnavåg, Herøy (Møre og Romsdal)

KATEKET, 100% stilling – Herøy kyrkjelege fellesråd

Er du engasjert i barn og ungdom og synest det er viktig å formidle den kristne trua til nye generasjonar? Vil du vere med å utvikle barne- og ungdomsarbeidet og bygge kyrkjelyd? Vi ønsker oss ein medarbeidar som kan vere med å vidareutvikle dei tiltaka vi har og som kan sjå potensialet og dei moglegheitene den flotte arbeidskyrkja med ungdomsavdeling, gymsal og amfi gjev oss. Du vil få moglegheit til å forme innhaldet i stillinga. Høyrest dette spanande ut og har du lyst å arbeide i ein kommune som er nabo til Sunnmørsalpane – då håper vi at nettopp du søkjer på stillinga som kateket hjå oss.

Du finn meir informasjon på vår heimeside: https://www.kyrkja.no/herøy

Som kateket vil du få desse arbeidsoppgåvene:

– Leie arbeidet med undervisning og opplæring for born og ungdom. I dette ligg:

o Ha hovudansvar for konfirmantarbeidet

o Ha hovudansvar for kyrkje-skule-barnehage samarbeid

o Organisere og delta i breiddetiltak i trusopplæringa i samarbeid med barne- og ungdomsdiakon

– Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester

– Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæringa

– I samarbeid med staben og frivillige aktivt involvere born, ungdom og deira familiar i kyrkjelydane

– Rekruttere, utruste og rettleie frivillige medarbeidarar

Du :

– er utdanna kateket eller ønsker å ta kateket utdanning

– er god å kommunisere og kan på ein engasjerande måte formidle kristen tru til born og ungdom

– kan jobbe sjølvstendig, er ryddig og strukturert

– ser nytten i godt teamarbeid

– har god skriftleg og munnleg framstillingsevne

– er medlem i Den norske kyrkja

Vi tilbyr ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle kyrkjelydsarbeidet. Vi vil legge til rette for at du kan utdanne deg til kateket dersom du ikkje alt er kateketutdanna. Arbeidsoppgåvene er varierte og du vil få utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling og vekst. Som tilsett blir du ein del av eit kontorfellesskap i ei godt tilrettelagt arbeidskyrkje. Saman med eit flott team, beståande av engasjerte medarbeidarar og frivillige, skal du utføre arbeidet i tre ulike kyrkjer/sokn. Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjons- og forsikringsordningar.

Det vert kravd politiattest, jfr. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20. Den som blir tilsett må rekne med arbeid på ettermiddag/kveld og i helg. Du bør ha førarkort, og det er fint om du disponerer eigen bil. I tilsetjinga vil vi legge vekt på relevant erfaring og personlege eigenskapar.

Du er velkomen til ta kontakt for nærare opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene med kyrkjeverje Birgitte Sævik Pedersen 418 60 781 , [email protected] Vi tilbyr omvendt referanse, ta kontakt for meir informasjon.

Søknad med CV sendast til Herøy kyrkjelege fellesråd, Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg eller på e-post til [email protected] så snarleg som mogleg.

 

Om stillingen

Stillingstittel Kateket

Antall stillinger 1

Oppstart Etter avtale

Heltid/deltid Heltid

Sektor Offentlig

Arbeidsdager Ukedager, Søndag, Lørdag

Arbeidstid Dagtid

 

Søk på jobben:

Kontaktperson for stillingen

Birgitte Sævik Pedersen

Kyrkjeverje

418 60 781

[email protected]

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver HERØY KYRKJELEGE FELLESRÅD

Adresse Lisjebøvegen 1, 6091 Fosnavåg

Herøy er ei kystkommune lengst sør i Møre og Romdal med oppunder 9000 innbyggjarar. Øykommunen vår er bunden saman av bruer og kommunesenteret er kystbyen Fosnavåg. Øya Herøy er ein av nøkkelstadane på Kystpilgrimsleia. Kyrkja er med i nøkkelstadgruppa, og er aktiv med i pilgrimsarbeidet.

Vi er landfast til flyplass i Ørsta/Volda og har god kommunikasjon til både Bergen, Oslo og Trondheim. Det tek om lag 75 minutt å reise til Ålesund.

Kommunen har ein variert natur med kort veg til sjø og fjell. Sunnmørsalpane og fjordlandskapet i indre del av Sunnmøre er berre ein liten time unna. Der er det også mange moglegheiter for rekreasjon og aktivt friluftsliv.

Herøy kommune har eit rikt kulturliv innan mange ulike områder og kommunen har blitt kåra til årets ungdomskommune i Møre og Romsdal i 2020 og var ein av fire finalistar i 2023 på landsbasis.

I fellesrådsområdet er det tre sokn med ei kyrkje i kvart sokn, bygd i ulike hundreår. Leikanger kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Herøy kyrkje. Kontorarbeidsplassen ligg i Herøy kyrkje og kyrkjebygget rommar kyrkjeskip, kapell, kyrkjelydssal, kyrkjestove, kontor, barne/ungdomsavdeling med eigen gymsal, amfi og lokale til open barnehage/møtestad.

 

Del stillingen

Selskap

Herøy kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Birgitte Sævik Pedersen
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: 418 60 781

Lokasjon

  • Fosnavåg

Søknadsfrist

Mai 8, 2024