Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%

 

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Om stillinga

Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eitt samarbeidsområde. Soknet er langstrakt og er i endring med mykje utbygging og tilflytting. Det er kort avstand mellom Ellingsøy og Ålesund sentrum.
Ellingsøy sokn har ca. 2100 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd og lysanlegg, og kontor for tilsette. Orgelet er bygget av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.
Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i arbeid retta mot barn og unge. Soknet har eit stort potensiale med mange ungdomar knytta til ungdomsklubb og speidararbeid. Soknerådet ønskjer seg ein musikar som kan engasjere seg i denne aldersgruppa og som kan vere med å videreutvikle song- og musikklivet som ein del av arbeidet med å bygge kyrkjelyd. Samarbeid med lokale musikkutøvere for deltaking i gudstenester og andre kyrkjelege arrangement er viktig.

Heimeside: https://www.ellingsoy.kyrkjelyd.no

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 26.05.2024
Arbeidsgivar: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Stad: Ålesund
Stillingstittel: Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn 50%
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4787317664

Arbeidsoppgåver

• Tenestegjere ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.
• Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
• Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
• Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.
• Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
• Nokre tenester, t.d. gravferder i andre kyrkjelydar må påberegnes.

Kvalifikasjonar

• Fortrinnsvis utdanning i samsvar med Tjenesteordning for kantorer, eventuelt kyrkjemusikar med anna relevant utdanning/realkompetanse/kirkemusikalsk utdanning
• Erfaring med musikalsk arbeid med barn og unge
• Allsidig og trygg i ulike musikalske uttrykk.
• Gode norskkunnskapar, skrifteleg og munnleg.

Personlege eigenskapar

• Du er engasjert og kreativ, og har eit ønskje om å bidra i kyrkjelydens musikalske arbeid.
• Evne til samarbeid og fleksibilitet.
• Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
Lønn etter KAs tariffavtale
Pensjons- og forsikringsordningar

Anna

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynssamfunn § 20
Tilsetting i Ålesund kyrkjelege fellesråd med for tida Ellingsøy sokn som arbeidsstad.
Oppstart i august, eller etter nærare avtale.

 

Søk på stillinga her.

 

Søknadsfrist 14. april

 

Adresse:Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund, Norge

Kontaktinformasjon

Oddvar Bjørge
Soknerådsleiar
Telefon: 917 29 177

Hans Roar Aas
Avdelingsleiar kyrkjelyd
 Telefon:94 32 32 79

 

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund  65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei  rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Hans Roar Aas
  • Tittel: Avdelingsleiar kyrkjelyd
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 94 32 32 79

Lokasjon

  • Ålesund
  • Ellingsøy

Søknadsfrist

Mai 26, 2024