Kantor / organist
Ulstein kyrkjelege fellesråd
Ulstein kyrkjelege fellesråd lyser ut stilling som kantor/organist i Ulstein sokn
Vi søkjer etter ein engasjert kantor/kyrkjemusikar som vil utvikle det kyrkjemusikalske arbeidet og styrkje songgleda i kyrkjelyden saman med frivillige og i arbeidsfellesskapen med staben.
Ulstein sokn er ein stor og aktiv kyrkjelyd med ei soknekyrkje lokalisert i sentrum av Ulsteinvik.
Den høge oppslutninga om gudstenestene, det gode samarbeid med lag og organisasjonar, eit rikt kulturliv og eit godt samarbeid med skular og barnehagar gjer kyrkjelyden til ein attraktiv samfunnsaktør. I kyrkjelyden er alle generasjonar og mange nasjonalitetar representerte, og det er stor frivillig aktivitet i mange aldersgrupper. Soknet driv kor og kulturarbeid, Open barnehage, diakonalt arbeid mot eldre og flyktningar, sorggrupper og ulike temasamlingar i tillegg til trusopplæring og anna fellesskapsbyggande arbeid.
Kyrkjekontoret har eigne lokaler i sentrum like ved kyrkja. Staben er samansett av: kyrkjeverje (100%), sokneprest (100%), kapellan (100%), kantor (100%), kateket(100%), diakon (100%), kyrkjelydspedagog (100%), kyrkjetenar (35%), klokkar /(13%), sekretær (100%) og b/u-arbeidar (20% ). I tillegg har vi til saman 115% stilling på kyrkjegarden og 20% stilling knytt til kyrkjelyden sin barnehage.
Ulstein sokn har føreseielege rammevilkår gjennom ein detaljert avtale med Ulstein kommune. Det er gode og positive samarbeidstilhøve mellom embets- og rådsstrukturen og med sokneråd og fellesråd, og det er eit godt arbeidsmiljø ved kontoret.
Søknadsfrist: 15.10.2022
Arbeidsgivar: Ulstein kyrkjelege fellesråd
Stad: Ulsteinvik
Stillingstittel: Kantor / organist
Tilsetjingsform: Fast
Webcruiter-ID: 4516115857
Startdato: 01.02.2023
Det vil bli lagt vekt på at den som blir tilsett er personleg eigna for stillinga, og vi vil ha forventningar til at søkjaren har:
Evne til å inspirere og skape songglede
Evne og vilje til både å arbeide sjølvstendig og i team med stab og med frivillige, og med ulike musikalske aktørar
Evne til å ta initiativ og å fremje kyrkja sin plass i lokalsamfunnet
Evne til å vere løysingsorientert, kreativ og fleksibel
Vi tilbyr:
Godt kollegialt samarbeidsklima og fellesskap
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Høve til å profilere seg som musikar
Høve til sjølv å påverke eigen arbeidssituasjon
Orgelet i Ulstein kyrkje er eit mekanisk sløyfelade-orgel, bygd av Paul Ott i 1976. Ombygt/utvida i 2007. Setzer-anlegg for førehandsregistrering. Orgelet har i dag 19 stemmer.
I desember 2019 fekk kyrkja eit nytt Steinway K-132 piano
Løn etter regulativ i KA
Pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Ulstein kyrkjelege fellesråd er IA-bedrift
Arbeidsoppgåver:
Spele til gudsteneste på søndag, på nokre kvardagar og på høgtidsdagane
Spele til gravferd, gjennomsnittleg 1 i veka
Spele på institusjonsandaktene
Spele til vigsle, ca. 1 i månaden – men mest i sommarhalvåret
Legge til rette for og gjennomføre konsert og musikalske prosjekt
Samarbeide med stab og frivillige musikalske krefter
Førebu og gjennomføre korøvingar saman med frivillige
Fornye og inspirere kyrkjelyden sitt musikkarbeid
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer ein kantor/musikar med kvalifikasjonar og erfaring innan kyrkjemusikk
Søkjarar med annan relevant utdanning eller bakgrunn er også velkomne til å søkje.
Søkjaren må kunne handtere både orgel og piano til liturgi, salme- og allsong, og i samspel med andre musikarar
Det vert vist til «Kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kantorar» fastsett av Kyrkjemøtet og «Plan for kyrkjemusikk for Den norske kyrkja».
Anna:
Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja
Den som blir tilsett må legge fram politiattest.
Tiltreding i stillinga så fort som råd, seinast vår/sommar 2023
Les meir om Ulstein sokn: https://kyrkja.no/Ulstein
Søknadsfrist: 15. oktober
Ved spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med kyrkjeverje Christfried Kaul,
tel.: 91696820; ck563@kyrkja.no
Kontaktinformasjon
Christfried Kaul, Kyrkjeverje
916 96 820