Driftsoperatør vassdistribusjon
Verksemd Vatn og avløp sitt hovudoppdrag er å sikre innbyggarane i Ålesund kommune reint og godt drikkevatn, og ei avløpshandtering som ikkje forureinar miljøet rundt oss.
Vi har no ledig fast stilling som driftsoperatør vassdistribusjon, oppstart etter avtale.
- Søknadsfrist: 13.08.2023
- Arbeidsgivar: Kommunalområde Samfunn
- Stad: Ålesund
- Stillingstittel: Driftsoperatør vassdistribusjon
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4688271432
Arbeidsoppgåver
- drift, tilsyn og vedlikehald av vassleidningsnettet (reparere leidningsbrot, lekkasjesøk, spyling, ventilar, kummar, hydrantar m.m.)
- moglegheit på sikt å delta i beredskapsvakt
- andre relevante oppgåver kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein person med god teknisk forståing og innsikt som har
- relevant fagbrev (til dømes anleggsrørleggar, rørleggar, industrimekanikar)
- gode norskkunnskapar – munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B, helst også BE, C1 og C
- helst erfaring frå liknande arbeid
- helst ADK1-sertifikat og arbeidsvarslingskurs
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som har vilje og evne til å
- ta ansvar, arbeide nøyaktig og effektivt både på eiga hand og ilag med andre
- ta initiativ, arbeide ryddig og strukturert
- vere fleksibel og finne løysingar
- arbeide i tråd med kvalitets- og HMS-prosedyrer
- vere ein god medarbeidar og bidra positivt til fag- og arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- relevante kurs og opplæring
- muligheit for relevant vidareutdanning
- muligheit til å vere med på å utvikle vidare eit spennande fagområde
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter gjeldande tariff
- gunstig ordning på treningssenter
Sentrallageret Ålesund Kommune, Borgundfjordvegen 100, 6017 Ålesund, Norge
Kontaktinformasjon
Andreas Relling
Driftsleiar
Telefon:476 53 381
E-post:andreas.relling@alesund.kommune.no
Bjørn Skulstad
Avdelingsleiar
Telefon:916 70 170
E-post:bjorn.skulstad@alesund.kommune.no
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.