Kystverkets hovudkontor, Kystverket
Innkjøpsrådgivar
Anskaffingar er ein viktig del av Kystverket si verksemd. Kystverket arbeider systematisk for at innkjøpa skal vere sikre, effektive og profesjonelle.
Fagleg område for stillinga er innkjøp og anskaffingar innan Kystverkets beredskapsarbeid.
Les meir om beredskapsarbeidet og innkjøpsarbeidet til Kystverket på www.kystverket.no.
Noko reiseverksemd må påreknast. Arbeidsstad er for tida Horten.
Arbeidsoppgåver
– Rådgiving ved anskaffingar, planlegging og kontraktoppfølging
– Praktisk innkjøpsarbeid
– Oppgåver knytt til samfunnsansvar og arbeidslivskriminalitet
– Oppgåver knytt til utvikling og styring av innkjøpsfaget
– Andre arbeidsoppgåver kan verte tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning frå høgskole eller universitet. Utdanning innan innkjøp, logistikk, økonomi & administrasjon og juss. Andre retningar kan og vere relevant.
Dersom du har relevant utdanning kan du gjerne vere nyutdanna og utan tung erfaring med innkjøp. Dersom du ikkje har relevant utdanning må du ha god erfaring med offentlege anskaffingar, innkjøp og kontraktarbeid.
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
Kurs eller dokumentert kompetanse i offentlege anskaffingar er ønskeleg
God digital kompetanse er viktig, gjerne med erfaring i bruk av konkurransegjennomføringsverktøy, kontraktsverktøy, prosjektverktøy og elektronisk handle etc.
Personlege eigenskapar
– Sjølvstendig
– Godt humør
– Fleksibel, løysingsorientert og med god gjennomføringsevne
– Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, også elektronisk
– Initiativrik
– Analytisk
– Evne til å finne gode praktiske løysingar, og god til å prioritere
– Vi legg til grunn at du er påliteleg, engasjert og framtidsretta
Vi tilbyr
– Interessante og sjølvstendige arbeidsoppgåver
– Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter
– Dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø
– God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse
St.kode 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar, ltr 52 – 72 (frå brutto kr 464.000 til brutto kr 667.200). Seniorrådgivar krev relevant utdanning og erfaring.
Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket.
Fleksibel arbeidstid.
Kystverket skal vere prega av mangfald og våre tilsette skal spegle befolkninga. Vi oppmodar alle kvalifiserte til søke arbeid hjå oss – uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller hol i CV. Kystverket arbeider for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad med mål om at 5% av faste nytilsettingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV. Som IA-verksemd legg vi vekt på å tilretteleggje arbeidsforholda for personar med redusert funksjonsevne.
«Det blir gjort forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den første utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vert evaluert av Difi, som handsamar anonyme opplysningar om tilsettingsprosessen og det blir utarbeidd ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i høve til forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkarliste og utvida søkarliste gjeld.»
Søknadsfrist: 08.03.2020
Arbeidsgjevar: Kystverket
Stad: Horten
Tittel: Innkjøpsrådgivar
Heiltid / Deltid: Heiltid Tilsettingsform: Fast Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4035853519
Stillingar:1
Arbeidsstad Moloveien 7, 3187 Horten
Kontaktinformasjon
Olav Inge Mork, Leder
Mobil: 90828063 E-post: olav.inge.mork@kystverket.no
Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Samferdselsdepartementet.