Ingeniør oppmåling, kart og geodata
Bremanger kommune har ledig fast 100 % stilling som ingeniør innan oppmåling, kart og geodata for tilsetting snarast.
Plan og forvaltning er ei driftseining under avdeling for Samfunn og Utvikling, og omfattar fagområda plan, byggjesak, kart/oppmåling, miljø- og naturforvaltning, hamn og brann. Driftseinniga har i dag om lag 8 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- Oppmålingsforretning
- Matrikkelføring
- Sakshandsaming etter matrikkellova
- Ajourhold av kartbasar
- Tilrettelegge for bruk av GIS og kartprogram, inkludert ajourhold og drift av kommunen sin planbase og kartløysning
Kvalifikasjonar
- Må oppfylle krav til godkjent utdanning for tildeling av landmålarbrev, jf. matrikkelforskrifta §64 b: Bachelorgrad i landmåling og eigedomsdesign, geomatikk eller tilsvarande studieretning, med minimum 120 studiepoeng juridiske, matrikkelfaglege og landmålingsfaglege emne.
- God datakunnskap og erfaring med GIS-Line eller tilsvarande kartsystem er ynskjeleg
- Relevant erfaring frå offentleg verksemd er ynskjeleg, men nyutdanna kandidater vert også oppfordra til å søkje.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Krav om førarkort klasse B
Den vi tilset må
- ha gode samarbeidsevner, kunne jobbe sjølvstendig og vere løysingsorientert
- vere serviceinnstilt og ha ei positiv haldning til både publikum og kollegaer
- ha evne og vilje til å tileigne seg og dele ny kompetanse
- trivast med eit høgt arbeidstempo og kunne jobbe under press
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver innanfor eit spennande fagfelt
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Andre opplysningar:
Tilsettinga skjer i samsvar med lov og avtaler som gjeld for Bremanger kommune
Lønn etter avtale
Søknadsfrist: 25.10.2020
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Svelgen
Stillingstittel: Ingeniør oppmåling, kart og geodata
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4294505974
Stillingar: 1
Arbeidsstad Granden 4, 6723 Svelgen
Kontaktinformasjon
Magnhild Myklebust, Leiar plan og forvaltning
959 83 000
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.900 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no