Vi har ledig nyoppretta 100% stilling som informasjonsmedarbeider i Tokke kommune. Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen i kommunedirektøren sin stab og har som hovedarbeidsområde innen informasjon både internt og eksternt i kommunen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvarleg for å styrkje og utvikling av Tokke kommune sine informasjonskanalar som td. Heimeside og Facebook, eventuelle nye fysiske og digitale kanaler.
  • Utarbeiding av informasjonsstrategi og planar
  • Delta i rekrutteringsarbeidet 
  • Planlegging av digitale kampanjar og annonsar.
  • Produsere og oppdatere saker til kommunen si heimeside.
  • Forfallande administrativt arbeid
  • Det kan bli aktuelt med andre oppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Liker å jobbe med grafisk design, tekst og sosiale medium. 
  • Du har erfaring innan bilete / videoproduksjon
  • Sjølvstendig, innovativ, strukturert og løysingsorientert
  • Du har svært god munnleg og skriftleg fremstillingsevne og beherskar nynorsk.
  • Engasjert og serviceinnstilt og har gode samarbeidseigenskapar.
  • Strukturert, har god arbeidskapasitet og trivst med å handtere mange arbeidsoppgåver.
  • Vi ser for oss at du har høgare utdanning, gjerne innanfor media og kommunikasjon. Relevant erfaring frå liknande arbeid er ein fordel.

Personleg egnethet for stillinga blir særleg vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Godt arbeidsmiljø 
  • moglegheiter for kompetanseutvikling.
  • Fleksitidsordning
  • Lønn etter tariffavtale (Tokke har lokal lønnsstige)

Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.

Ved spørsmål om stillinga kontakt kommunedirektør Finn Arne Askje, telefon: 95 07 66 37, eller epost: finn.arne.askje@tokke.kommune.no

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema som du finn her

Velkomen som søkjar!