Kyrkjeverje 100%

 

Høyanger Kyrkjelege fellesråd, Kirkejobb

Vil du bli kyrkjeverje i Høyanger?

Vi har ledig ei fast 100 % stilling som kyrkjeverje sidan vår daglege leiar gjennom om lag 20 år vert pensjonist frå komande årssskifte.
Høyanger kommune med ca 4.000 innbyggjarar har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthavn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger.

Kommunesenteret Høyanger har i underkant av 2 000 innbyggjarar. Her er barne-, ungdoms- og vidaregåande skule, og det er god barnehagedekning.

Her er også kyrkjekontoret der prest, kantor, sekretær, kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje har sin arbeidsfellesskap.

I tillegg er det i sokna tilsett kyrkjetenarar og klokkarar i ulike stillingsstorleikar.

Totalt utgjer dei tilsette i fellesrådet 5,5 årsverk pr. i dag. Desse gjer teneste i 4 sokn, 5 kyrkjer og 1 bedehus der kyrkjelydane samlast, og på 8 gravplassar som er i bruk.
Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyrer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur. Arbeidsgjevar er Høyanger kyrkjelege fellesråd.

Søknadsfrist: 01.06.2022
Arbeidsgivar: Høyanger Kyrkjelege fellesråd
Stad: Høyanger
Stillingstittel: Kyrkjeverje 100%
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4519342491

Arbeidsoppgåver

Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
Ansvar for HMT-arbeid
Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging
Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
Ansvar for gravplassforvaltninga i kommunen
Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

Erfaring som leiar med personalansvar vert lagt stor vekt på
Erfaring innan organisasjonsutvikling
God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon.
Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
God økonomi- og IKT-kunnskap
Universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, Søkjarar utan høgskuleutdanning med relevant praksis vert også vurderte.
Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God kjennskap til offentleg forvaltning
Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og god inkludering av friviljuge.

Personlege eigenskapar

Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
Likar å arbeide målretta og systematisk
Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr

Ei interessant og utfordrande stilling
Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
Løn etter avtale
Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
Pensjonsordning i KLP
Arbeidsrettleiing og ulike kurs for kyrkjeverjer

 

Kontaktinformasjon:

Leiar i fellesrådet:  Sturla Bell Fossen mobil 994 94 745

Sokneprest: Andreas Ester mobil 452 21 737

Kyrkjeverje: Bjørnar Otterstein mobil 91763803

 

Søknadsfrist 01.06.2022

 

Søknad med attestar og vitnemål legg du i Webcruiter, via www.kirkejobb.no, direktelenke finner du her.

 

Marcus Thranesgate 3, 6993 Høyanger, Norge

Kontaktinformasjon

Sturla Bell Fossen
Leiar i fellesrådet
99494745

Bjørnar Otterstein
Kyrkjeverje
91763803

Andreas Ester
Sokneprest
45221737

Del stillingen

Selskap

Høyanger kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Sturla Bell Fossen
  • Tittel: Leiar i fellesrådet
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 994 94 745
  • Bjørnar Otterstein
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 917 63 803
  • Andreas Ester
  • Tittel: Sokneprest
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 452 21 737

Lokasjon

  • Høyanger

Søknadsfrist

Juni 1, 2022