Høgskulen i Volda

 

Seniorrådgivar/rådgivar (jurist) i Fellesadministrasjonen

 

 

Om stillinga

Høgskulen i Volda har ledig ei 100 % fast stilling som jurist i Fellesadministrasjonen. Stillinga er ei stabsstilling for høgskuleleiinga og rapporterer til høgskuledirektør. 

Innhaldet i stillinga er i endring og den som blir tilsett vil få høve til å utforme stillinga i lag med høgskuleleiinga.

Du vil jobbe tett med høgskuledirektør og rektoratet, og vil dermed få ei sentral rolle i det daglege arbeidet i toppleiinga.

 

Kvalifikasjonar

Du må ha juridisk embetseksamen eller master i rettsvitskap, og ha relevant erfaring frå juridisk saksbehandling og rådgiving.

 

Vi vil i tillegg legge vekt på:

  • erfaring med kontraktarbeid, styring og forvaltning i offentleg sektor
  • gode analytiske eigenskapar og evne til å tenke strategisk
  • særs gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg, og kunne formidle kompliserte saker på ein strukturert og oversiktleg måte
  • gode samarbeidsevner
  • at du er løysingsorient og serviceinnstilt
  • at du kan arbeide strukturert og sjølvstendig

 

Erfaring/kjennskap til universitets- og høgskulesektoren og erfaring frå prosessleiing vil vere ein fordel.

 

Du må kunne skrive godt på begge målformer og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

 

Arbeidsoppgåver

Vi søker deg som kan rådgje og støtte høgskuleleiinga, administrativ leiargruppe og avdelingane i juridiske spørsmål. Det kan vere i samband med styrearbeid, studentsaker, kontraktar, generell forvaltning med meir.

 

Den som blir tilsett vil også gje støtte til høgskuleleiinga i saksutgreiingar til høgskulestyret, arbeid med årsrapport og skriving av høyringssvar, og anna saksbehandling. Ein vil også kunne få ansvar for å leie prosessar på vegne av høgskuleleiinga.

 

Vi tilbyr

Som vår nye kollega vil du få varierte oppgåver i eit spanande og sterkt fagmiljø der det vert lagt til rette for fagleg og personleg utvikling. Inkluderande miljø med engasjerte kollegaer.

God pensjonsordning i Statens pensjonskasse.

Tilsettegoder og fordelar, mellom anna moglegheit for trening i arbeidstida.

 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:  

1364 seniorrådgivar kr. 640 400-850 000,-/ 1434 rådgivar kr. 589 500 – 682 000.

 

Tilsetting som seniorrådgivar krev lang og relevant praksis.

 

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

 

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

 

Kontakt

Har du spørsmål ta kontakt med høgskuledirektør Ann Kristin Emblem, tlf. 994 93 663, e-post ann.kristin.emblem@hivolda.no

 

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

YouTube video player
 

 

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

 

Søk stillinga

 

 

Søknadsfrist: 9. januar 2025
Arbeidsgivar: Høgskulen i Volda
Kommune: Volda
Omfang: Heiltid
Varigheit: Fast
Arbeidsstad: Joplassvegen 11, 6103 Volda

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kontaktinfo

  • Ann Kristin Emblem
  • Tittel: Høgskuledirektør
  • E-Post: ann.kristin.emblem@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: 994 93 663

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Januar 9, 2025