
Kyrkjelydspedagog vikar inntil 70% stilling i eit år
- Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd
- Prestagarden 5, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Vi har behov for vikar som kyrkjelydspedagog/kyrkjelydsarbeidar/kateket inntil 70% stilling i eitt år frå 01.08.26.
Kyrkjekontoret ligg i Hjelmeland sentrum. Arbeidsplassen er på kontoret og i kyrkjene våre i Årdal, Fister og Hjelmeland.
Oppstart: 1. august 2026
Stillingstittel: Menighetspedagog
Type ansettelse: Vikariat, deltid 70%
Arbeidstid: Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 7. mai
Send søknad til: post.hjelmeland@kyrkja.no
Hva vi ser etter
- Vi ser etter ein person som har pedagogisk utdanning/erfaring med undervisning innan kristendomsfaget.
- Ein som har god kommunikasjons- og formidlingsevne i møte med barn og unge.
- Evne til å planleggja og arbeida sjølvstendig, men og i lag med andre.
- Gode samarbeidsevner.
- Den som blir tilsett må vera medlem i Den norske kyrkja
- Nynorsk blir nytta som målform
- Søkjar må disponera bil
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetting, jfr. Kyrkjelova § 29
Arbeidsoppgaver
Hovudoppgåva er å undervisa i den kristne tru til barn og unge.
-Det inneber å administrera og gjennomføra trusopplæringstiltak i tråd med vedtatt plan, til dømes konfirmantundervisning, dåpsskule, 11-åringar m.m.
-Medvirknad ved gudstenester i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.
-Organisera og ivareta frivillige medarbeidarar i samband med arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby tverrfagleg arbeidsmiljø med vekt på utvikling og samhandling
- Offentleg tenestepensjonsordning KLP
- Fleksibel arbeidstid med noko kvelds- og helgearbeid
- Løn og andre vilkår etter gjeldande reglar og tariffavtale i kyrkjeleg sektor
Kontaktperson for stillingen
Mette Ingvaldstad
Kyrkjeverje/dagleg leiar
907 35 564
post.hjelmeland@kyrkja.no
Om bedriften
På kyrkjekontoret på Hjelmeland har vi 7 kontorplassar, der sit diakon, prost, kyrkjelydspedagog, kantor, kyrkjeverje, administrasjonssekretær og prest . I tillegg har vi kyrkjetenare i kapellet i Jøsenfjorden og kyrkjene våre.
Mykje av arbeidet føregår ute av kontoret, i kyrkjene våre og andre lokalitetar.
Sektor: Privat
Nvettsted: https://www.hjelmeland.kyrkja.no/

