Haram Kyrkjelege Fellesråd

Kateket i Haram

Det er ledig 100% fast stilling som kateket i Haram kyrkjelege fellesråd.

I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.

Vår kateket gjennom mange år går av med pensjon hausten 2024, og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kateket med oppstart 1.august eller etter nærmere avtale. Om det er ønskeleg kan stillinga reduserast til 80%.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 20.04.2024
Arbeidsgivar: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Stad: BRATTVÅG
Stillingstittel: Kateket i Haram
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4780327052

Arbeidsoppgåver

Hovudansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid

Kvalifikasjonar

Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk eller anna relevant utdanning vil også bli vurderte.
Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.

Personlege eigenskapar

Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
Gode pedagogiske og administrative evner.
God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
Raus og inkluderande.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Anna:

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.

Vi tilbyr

For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.

 

Søknadsfrist 20.april 2024

Tiltreding 1.august eller etter avtale

Søk på stillinga her.

 

Kontakt:

Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559

Adresse:Årsundvegen 11, 6270 BRATTVÅG, Norge

 

Del stillingen

Selskap

Haram kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Jarle Løken
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 97549559

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

April 20, 2024