Kateket i Haram

 

 

  • Haram Kyrkjelege Fellesråd
  • Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg

 

Om jobben

Stillingstittel: Kateket i Haram
Type ansettelse: Fast
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1

 

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. oktober

 

Gå til søknad

 

Det er ledig 100% fast stilling som kateket i Haram kyrkjelege fellesråd.

I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.

Vår kateket gjennom mange år går av med pensjon hausten 2024, og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kateket.

 

Arbeidsoppgåver

  • Hovudansvar for kyrkjelydane si undervisning og opplæring for barn og unge.
  • Delta i plan- og utviklingsarbeid for trusopplæring for alle døypte i alderen 0-18 år
  • Koordinere og leie kyrkjelydane sitt konfirmantarbeid.
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der konfirmantar, ungdom og barn er målgruppa
  • Følge opp frivillige medarbeidarar i trusopplæringsutvala
  • Ansvarleg for kyrkjelydane sitt skule-/barnehage og kyrkjesamarbeid

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning i samsvar med Tenesteordning for kateketar i Den norske kyrkja.
  • Søkjarar som har utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk, eller anna relevant utdanning vert oppfordra til å søke. Vi kan også vurdere støtte til kompetanseutvikling.
  • Erfaring frå barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyd er ønskeleg.
  • Søkjarar må vere medlem i Den norske kyrkja, og arbeide etter kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag

 

Personlege eigenskapar

  • Engasjement for arbeid med undervisning og formidling til barn og unge.
  • Gode pedagogiske og administrative evner.
  • God på formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging.
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team, og til å leie andre, både tilsette og frivillige.
  • Raus og inkluderande.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Anna:

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.

 

Vi tilbyr

  • For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
  • Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Høve til å drøfte stillingsprosent.
  • Søknadsfrist 31.oktober 2024
  • Tiltreding etter avtale
  • Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559

 

Kontaktinformasjon

Jarle Løken, Kyrkjeverge, +47 97549559

 

Arbeidssted

Årsundvegen 11
6270 BRATTVÅG

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Referansenr.: 4860975407
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

Om bedriften

Sektor: Offentlig

Nettsted: http://www.kirken.no

Del stillingen

Selskap

Haram kyrkjelege fellesråd

Kategorier

kateketkirke

Kontaktinfo

  • Jarle Løken
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+47 97549559

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

Oktober 31, 2024