
Tenesteleiar/rektor
Vi søkjer tenesteleiar/rektor for tenesteområde integrering
Tenesteområde integrering er ei tverrfagleg teneste organisert under kommunalområdet Livsløp. Vi har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne. I tillegg buset vi familiar, einslege mindreårige og vaksne med avtale om busetting, og følgjer opp dei som har behov for vidare oppfølging.
Flyktning- og integreringsarbeidet i Haram kommune er i ein spennande utviklingsfase og det vert jobba kontinuerleg for å tilpasse tenestene til innbyggarane våre sine behov.
Vi søkjer ein innovativ, kunnskapsrik og handlekraftig tenesteleiar/rektor som vil bidra til å vidareutvikle tenestene og sikre ei framtidsretta integreringsteneste. Du vil vere ein del av eit engasjert team og få eit viktig mandat i eit fagfelt med stor samfunnsverdi.
Tenesteleiar/rektor skal leie tenesta i samsvar med kommunen sitt verdigrunnlag, strategiplanar og gjeldande lover og forskrifter. Stillinga har delegert ansvar for resultat, inkludert økonomi, personalforvaltning, fagutvikling, kvalitet og internkontroll.
Tenesteområde integrering har per i dag 7,3 årsverk, inkludert tenesteleiar/rektor. Stillinga har ansvar for både vaksenopplæringa og flyktningtenesta.
Det kan bli aktuelt å endre organiseringa av tenesta i framtida for å sikre best mogleg ressursutnytting, styrke tverrfagleg samarbeid og tilpasse oss behova i lokalsamfunnet. Fleksibilitet og evne til å leie i endringsprosessar vil difor vere viktig. Integreringstenesta skal flytte til nye lokale våren 2025, noko som legg til rette for vidare utvikling av tenesta i moderne og funksjonelle omgjevnader.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av fagområde for å sikre tidleg innsats og gode løysingar for innbyggjarar og næringsliv.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:09.02.2025
Arbeidsgivar:Haram kommune
Stad:Brattvåg
Stillingstittel:Tenesteleiar/rektor
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:4904969084
Arbeidsoppgåver
Leggje til rette for gode læringsprosessar, både fagleg og sosialt
Ha ansvar for å leie og utvikle i samsvar med gjeldande lovverk og Haram kommune sin visjon, verdiar og satsingsområde.
Sikre at alle tilsette får rettleiing og støtte i arbeidet med å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Sørgje for at skulen fungerer godt som organisasjon, med klare mål og effektive arbeidsprosessar.
Leie skulen sine retningsval og prioriteringar innanfor rammene av kommunen sine vedtekne planar og strategiar.
Sjå tenesta som ein del av ein større heilskap og bidra til utvikling av tenester på tvers av fagområde.
Styrkje og leie profesjonsfellesskapet, samt vidareutvikle ein positiv og lærande organisasjonskultur.
Ein må rekne med noko undervisningstid.
Ansvar og leiing:
Ha ansvar for den totale drifta av tenesteområde inkludering, inkludert økonomi, personal og fagleg utvikling.
Vere ein tydeleg, lyttande og inspirerande leiar som byggjer tillit og skapar engasjement.
Delta aktivt i relevante nettverk både internt i kommunen og eksternt for å fremje samarbeid og erfaringsutveksling
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning frå høgskule og/eller universitet som oppfyller tilsettings- og kompetansekrav for vaksenopplæring og norsk grunnskole
Relevant leiarerfaring og vidareutdanning innan leiing, som til dømes skuleleiarutdanning eller rektorutdanning
Ønskjeleg med erfaring frå fagfeltet vaksenopplæring og busetjing av flyktningar.
Ønskjeleg med fleirkulturell kompetanse.
God økonomiforståing
Endringskompetanse og evne til å leie omstillingsprosessar
Kunnskap om, og ferdigheiter i bruken av digitale verktøy
Kjennskap til relevante avtaleverk
Personlege eigenskapar
Har ein raus, tydeleg og lyttande leiarstil, og kan utøve tillitsbasert leiing
Er ein motiverande personalleiar som byggjer opp eit velfungerande team
Er oppteken av læringsarbeid og utvikling for både elevar og tilsette
Evne til å skape entusiasme og sette mål som fremjar utvikling og læring
Er ein pådrivar i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid gjennom skulebasert kompetanseutvikling
Legg til rette for endringsprosessar, innovasjon og nyskaping
Har høg arbeidskapasitet og evne til å handtere komplekse oppgåver
Har god relasjonskompetanse og inkluderer både elevar og tilsette i opne utviklingsprosessar og avgjerdsprosessar
Har gode samarbeidsevner og etablerer godt samarbeid med fagorganisasjonar, samt interne og eksterne aktørar
Legg til rette for god medverknad og medbestemming i samsvar med hovudavtalen
Er resultatorientert, strukturert og har sterk gjennomføringsevne
Har erfaring med undervisning av flyktningar
Vi tilbyr
Spanande faglege utfordringar i ein organisasjon i utvikling
Moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei framtidsretta teneste
Tverrfagleg samarbeid og fokus på kompetanseutvikling
Leiing av engasjerte og dyktige medarbeidarar
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Løn etter avtale, samt gode pensjons- og forsikringsordningar
Adresse:Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg, Norge
Kontaktinformasjon
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef
Telefon: 922 43 788
E-post: frode.boe.hatlelid@haram.kommune.no
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.