Kvinnherad kommune Sunde skule

 

Lærar 100% vikariat – Sunde skule

 

Ved Sunde skule er det ledig kontaktlærarstilling frå 1.1.25. Dette er eit vikariat fram til 31.12.2025 grunna svangerskapspermisjon.

Dette er ein godt etablert klasse, og du vil få grundig opplæring i forkant for å sikre ei smidig overdraging og ein best mogleg oppstart.

Arbeidsoppgåver

Undervisa i ulike fag
Klasseleiing
Kontaktlærar
Pedagogisk utviklingsarbeid
Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

Kvalifikasjonar

Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen

Personlege eigenskaper

Er ein tydeleg klasseleiar, arbeider systematisk, strukturert og sjølvstendig.
Er lærevillig og utviklingsorientert.
Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge.
Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing.
Er positiv, lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Rekrutteringstilskudd for nytilsette kr.  50.000,-.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søk på stillinga her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 18.10.2024

Tiltreding: 01.01.2025

Arbeidsstad: Sunde

 

Kontaktpersonar:

Sindre Nyborg

mob: +47 91582462

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

Adresse: Hamrabrekko 12 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND

 

Kvinnherad kommune 

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Sunde I Sunnhordland

Søknadsfrist

Oktober 18, 2024