Avdelingsleiar 100% vikariat – Halsnøy skule

 

Ved Halsnøy skule er det ledig avdelingsleiarstilling 100% vikariat skuleåret 24/25. Ein del av denne stillinga (inntil 50%) kan verta undervisning/vikartimar.

Halsnøy skule er ein stor skule med ca 160 elevar, ca 80 av dei går på SFO.

Som avdelingsleiar er du ein del av skulen sitt leiarteam.

 

Arbeidsoppgåver

  • Du arbeider for å skapa eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø for elevar og tilsette
  • Du sikrar eit godt og ope samarbeid med føresette, og deltek aktivt i planlegging og gjennomføring av skulen sitt utviklingsarbeid
  • Andre relevante administrative oppgåver
  • Du deltek i skuleleiarfellesskapet i Kvinnherad kommune og er med på å utvikla Kvinnheradskulen ut frå nasjonale styringssignal og Kvinnherad kommune sine eigne mål for opplæringa
  • Undervisa i ulike fag
  • Klasseleiing
  • Pedagogisk utviklingsarbeid
  • Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
  • Sikra at elevane får eit godt skuletilbod

 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend og relevant pedagogisk utdanning for undervising i grunnskulen
  • Det er ynskjeleg med relevant leiarutdanning.
  • Relevant IT-kompetanse knytt til digitale verktøy og læringsplattforar

 

Personlege eigenskaper

  • Du er ein tydeleg og inkluderande leiar med positive forventningar til både vaksne og elevar
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er strukturert, arbeider systematisk og har stor arbeidskapasitet
  • Du har godt humær og arbeider for eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø
  • Du likar å vera saman med barn, er ein trygg vaksen og ser den einskilde
  • Du er trygg i møte med elevar og føresette og andre eksterne samarbeidspartnerar
  • Du er utviklingsorientert og deltek aktivt i profesjonsfellesskapet

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

 

Vi tilbyr

  • Ein raus og inkluderande arbeidsplass i eit godt fagleg og sosialt miljø. Vi har dyktige medarbeidarar som vil det beste for kvarandre og den einskilde eleven.
  • Vi arbeider kontinuerlig for å kunna tilby elevar og tilsette eit trygt, godt og inkluderande arbeids- og læringsfellesskap i tråd med Fagfornyinga og Kvinnherad kommune sine overordna verdiar og kvalitetsutviklingsplan.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK/KLP
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 21.06.2024
Tiltreding: 01.08.2024
Arbeidsstad: Halsnøy

 

Kontaktpersonar:

Jorunn Teigen Sætre
mob: +47 91345004

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

 

Kvinnherad kommune Halsnøy skule

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Jorunn Teigen Sætre
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 91345004

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Juni 21, 2024