Ungdomsprest/Ungdomsleiar

 

 

Er du den vi trenger til å heie på ungdommane våre?

Nærbø er i vekst og det bur om lag 8000 personar i kyrkjelyden.
Kyrkjelyden opplever stor tilstrøyming og soknerådet har arbeidet blant born og unge som eit av hovudsatsingsområda. Ungdomsklubben Reload samlast annankvar fredag i Nærbø kyrkje. I tillegg har kyrkjelyden eit aktivt trusopplæringsarbeid med fleire tiltak.
Kyrkjelyden har ulike former for gudstenester der mange frivillige medarbeidarar er engasjert i planlegging og gjennomføring.
Eit av satsingsområda for kyrkjelyden er innan digital formidling og digitale medier.

Kyrkjelyden har tilsett dagleg leiar, musikalsk leiar, sokneprest, diakonimedarbeidar, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplærar, kyrkjetenar/vaktmeister., styrar og assistent i open barnehage..

 

Søknadsfrist: 05.04.2024
Arbeidsgiver: Hå kyrkjelege fellesråd
Sted: Nærbø
Stillingstittel: Ungdomsprest/Ungdomsleiar
Stillinger: 1
Heltid/Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4781573863

 

Arbeidsoppgaver

  • Ansvar for Ungdomsklubben Reload.
  • Delta i konfirmantarbeidet saman med Kateket
  • Leiartrening og rekrutering av frivillige medarbeidarar (Follow me)
  • Delta i enkelte gudstenester
  • Trusopplæring med hovudfokus på tida etter konfirmasjonen

 

Kvalifikasjoner

Vi ynskjer deg som har:

  • Teologisk, pedagogisk eller anna relevant utdanning/erfaring
  • Erfaring frå arbeid blant born og unge
  • Gode samarbeidsevner
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt

 

Personlige egenskaper

Vi søkjer deg som er prest/pedagog med ei kristen tru som ynskjer å formidle, og som har lyst til å vidareutvikle eit godt kristent opplæringsarbeid for born og unge.
Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Du er fleksibel, og kan arbeida både sjølvstendig og i team. Du er strukturert og engasjert, og liker å engasjere og motivere frivillige medarbeidarar i alle aldre.

Den som blir tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja. Det tas atterhald om at den som ansettes kan framlegga tilfredsstillende politiattest i henhold til Trussamfunnslova paragraf 20

 

Vi tilbyr

  • Spennande utfordringar i ein aktiv kyrkjelyd med stort frivillig engasjement
  • Eit triveleg arbeidsfelleskap i Nærbø kyrkje
  • Fleksibel arbeidstid, men det må påreknast ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid
  • Lønn etter tariff. Pensjonsordning i KLP eller SPK
  • Offentleg søkjarliste vert utarbeida

 

Store Ring 53, 4365 Nærbø, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Svein Olav Nesse
Kyrkjeverje
 Telefon:920 22 874

Møyfrid Garborg
Kateket
 Telefon:982 20 855

Del stillingen

Selskap

Hå kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Svein Olav Nesse
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 920 22 874
  • Møyfrid Garborg Kateket Telefon:982 20 855
  • Tittel: Kateket
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 982 20 855

Lokasjon

  • Nærbø

Søknadsfrist

April 5, 2024