Ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar

 

 

Gloppen kyrkjelege fellesråd har ledig 100% stilling som kantor/kyrkjemusikar for snarleg tilsetting.

Vi søkjer etter ein engasjert og kreativ kyrkjemusikar som kan vidareføre og utvikle det musikalske arbeidet som kyrkja driv og har eit  naturleg ansvar for, slik som gudstenester og kyrkjelege handlingar, samt kor og konsertverksemd.

Kantor inngår i stabsfellesskap med kyrkjeverje, kyrkjelydspedagog, diakon, organist, administrasjonssekretær og to prestar. Det blir halde regelmessige stabsmøte. Kontor i lyse nye kontorlokale.

 

Arbeidsoppgåver:

• Planlegging og gjennomføring av forordna gudstenester og andre gudstenester fastsett i kyrkjelyden sin gudstenesteplan, i samarbeid med prest og staben.
• Leie og koordinere kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelyden innanfor ramma av dei planar og prioriteringar som er fastsett av sokneråd og kyrkjeleg fellesråd.
• Medverke i arbeidet med kyrkjeleg undervisning.
• Samarbeid med tilsette og frivillige om kyrkjelydsbyggande verksemd.
• Korleiing i regi av kyrkja
• Vedlikehalde kontakt med musikkmiljøet i Gloppen og med lokale utøvarar. 
• Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkja sine instrument.
• Delta i stabsmøter.
• Øvrige arbeidsoppgåver avtalast i samarbeid med leiar innanfor ramma av stillinga og ut frå kyrkjelyden sine behov.

 

Kvalifikasjonar:

  • 4-årig kantor eller kyrkjemusikkutdanning frå universitet eller høgskule i samsvar med Tenesteordning for kantor. Anna relevant utdanning kan bli vurdert.
  • Erfaring med korverksemd.
  • Søkjar må kunne disponere bil
  • Beherskar norsk munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt av fellesrådet.

  • Gode samarbeidsevner.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Engasjement for livet på gudstenestene- og i kyrkjelydane.
  • Pågangsmot, kreativitet og fleksibilitet.

 

Andre opplysningar.

  • Den som blir tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Det må leggjast fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med Trossamfunnslova §20 før tilsetjing.
  • Kvelds- og helgearbeid er ein sjølvsagt del av stillinga.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
  • Det vil bli lagt opp til prøvespeling.
  • Tilsetjing skjer med atterhald om vigsling og at biskopen gjev tenestebrev.
  • Ved tilsetjing blir ein tilsett i Gloppen kyrkjelege fellesråd.
  • Løn etter avtaleverket for kyrkjeleg sektor.
  • Søkjar må disponere eigen bil.

Eventuelle spørsmål kan rettast til kyrkjeverje Audun Mundal: tlf. 91177823, eller fellesrådsleiar Anders Rinde, tlf. 99720238.

Søknad med CV, referansar, kopi av vitnemål og attestar sendast til Gloppen kyrkjelege fellesråd v/ kyrkjeverje Audun Mundal på e-post til audun.mundal@gloppen.kyrkja.no innan 21.april 2025

 

Kyrkjer og instrument:

I Fellesrådsområdet er det seks kyrkjer.

  • Vereide kyrkje (frå 1100-t) har eit Gangfløt-orgel frå 1982 (22 reg).
  • Breim kyrkje (1886) har eit Olsen og Jørgensen-orgel med 16 reg (kjeglelade). Orgelet vart omfattande reparert i 1981.
  • Gimmestad kyrkje (1910) har eit Jørgensen-orgel frå 1959 (elektropneumatisk med unit-lade). Orgelet vart delvis ombygd og utvida i 2024, med fleire stemmer og ny (digital) spelepult. I dag har orgelet 27 stemmer fordelt på Hovudverk, svellverk og pedal.
  • Hyen kyrkje har orgel frå 1972 (Vestlandske 11 reg (heilmekanisk).
  • Sandane kyrkje (arbeidskyrkje frå 1997) har eit positiv m/anhangspedal (Kuhn 1939, med nytt orgelhus, laga av Theodor Zuber). I 2023 fekk kyrkja eit svært godt flygel.
  • Gamle Gimmestad kyrkje, som ikkje er i regulær bruk, har eit trøorgel.

 

Alle kyrkjene, unnateke gamle Gimmestad kyrkje, har piano. Det ligg på kantor å føre tilsyn med alle instrumenta.

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har vel 5.900 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn, Anda (SDN) – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan idrett, kultur og spesielt musikk sidan vi har musikklinje ved Firda vidaregåande og 5 distriktsmusikarar knytt til kulturskulen. Kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikk-kommune.

Gloppen kyrkjelege fellesråd omfattar same areal som Gloppen kommune, og er delt i tre sokn: Gloppen, Breim og Hyen, med til saman ca. 5100 medlemer.

Del stillingen

Selskap

Gloppen kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Audun Mundal
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 91177823
  • Anders Rinde
  • Tittel: Fellesrådsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99720238

Lokasjon

  • Sandane

Søknadsfrist

April 21, 2025