Ål kommune

 

Sjukepleiar – kortidsavdeling

 

 

Er du ein som tek initiativ, kan ta sjølvstendig ansvar og har eit klinisk blikk for å oppdage tidlege sjukdomsteikn?

Vil du bidra i arbeidet med å aktivisere og stimulere pasientar til å hente ut sitt rehabiliteringspotensiale og få fram glede  og trivsel i kvardagen? Pasientgruppa er variert med ulike diagnoser og behandlingsopplegg, der hovudmålet med opphaldet som regel er heimreise. 

Me søkjer etter sjukepleiar til Gjestetunet, og me kan tilby stilling med  fagleg utfordrande, varierte og spennande arbeidoppgåver. 

Vi har ei svært varierande pasientgruppe med ulike behov og samansette diagnosar som gir rom for fagleg utvikling. Kommunen er i gong med utviklingsarbeid for å forbetre tenestene i møte med demografiske endringar. I samarbeid med dei tilsette  jobbar med å ei meir robust oppgåvefordeling, fokus på førebygging, meistring og rehabilitering.

 

Arbeidsoppgåver sjukepleiar

  • Sjukepleiarfaglege prosedyrar og kliniske oppgåver.
  • Ivareta pasientane sine behov og mål i samarbeid med pasienten sjølv og pårørande.
  • Observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med kollegaer, lege, ergoterapeut og fysioterapeut.
  • Dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
  • Klinisk rettleing av medarbeiderarar og studentar.
  • Deltaking og ansvar for legevisitt etter vaktplan.
  • Kontinuerleg forbetrings- og utviklingsarbeid.
  • Enkelt laboratorearbeid.
  • Gje god kollegastøtte i kvardagen.
  • Bidra til å skape godt fagmiljø.

 

Me ynskjer å jobbe med deg som

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relvant vidareutdanning.
  • Vil vere aktiv bidragsyter til kunnskapsbasert praksis og utvikle egen arbeidsplass.
  • Trivst med faglege utfordringar.
  • Bidreg til at brukarar blir fagleg, individuelt ivareteke og arbeider aktivt for å auke deira eigenmeistring og livskvalitet.
  • Er fleksibel, samarbeidsvillig og løysningsorientert.
  • Beherskar norsk svært godt, både skriftleg og munnleg, minimum B2 – nivå.
  • Er god på å motivere og rettleie.
  • Evnar å gje tryggleik gjennom god, fagleg omsorg.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø med humor, arbeidsglede og lojalitet.

Personleg eigenskapar vert tillagt stor vekt.

 

Me tilbyr

  • Positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
  • Todelt turnus.
  • Fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Høgt fagleg nivå og god fagdekking.
  • Høve til fagleg og personleg utvikling.
  • Tilrettelagde og nye lokale.
  • Fadderordning.
  • Rabattert pris på treningssenter.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale og gunstige lokale tillegg.
  • Pensjonsordning i KLP.

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Hallinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

 

Politiattest og søknad

  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

 

 

Søk her

 

 

 

Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Skift/turnus
Søknadsfrist: 29.06.2025
Arbeidsstad: Gjestetunet

 

Kontaktpersonar:

Harald Haugen
Stilling: Avdelingsleiar
mob: 926 44 142

 

Heimeside:

www.aal.kommune.no

 

Adresse:

Helsetunvegen 17 3570 Ål

 

Ål kommune

Avdeling Gjestetunet er ei aktiv korttidsavdeling som tilbyr tilrettelagd og individuell oppfølging av pasientar både innan behandling, palliasjon, demens, psykiatri og rehabilitering. Avdelinga har 16 plassar, fordelt på 12,6 årsverk.
Me har stort fokus på fag, kvalitet og utvikling. Du kan rekne med ein variert og spennande jobb – i eit arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar. Tverrfaglig samarbeid står i fokus. Det er tett samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut og sjukeheimslegen, som for øvrig er tilsett på fulltid.
Gjestetunet er kjenneteikna av god fagdekning og gode faglege tenester. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må vere, og er, i stand til å handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar.

Del stillingen

Selskap

Ål kommune

Kontaktinfo

  • Harald Haugen
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 926 44 142

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Juni 29, 2025