Lærar i teknologi og industrifag 100% fast
Gjermundnes vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søkjer etter lærar i 100% fast stilling som kan undervise i teknologi og industrifag på Vg1.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist: 12.05.2024
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Stad: VIKEBUKT
Stillingstittel: Lærar i teknologi og industrifag 100% fast
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4802778742
Startdato: 01.08.2024
Arbeidsoppgåver
- undervisning i den praktiske og teoretiske delen av programfaga
- undervisning i andre fag ved skulen kan bli aktuelt
- kontaktlærarfunksjon kan bli aktuelt
- samarbeid med andre faginstansar ved behov
Kvalifikasjonar
- relevant fagleg og pedagogisk utdanning som fyller kompetansekravet for tilsetting som lærar i vidaregåande skule
- god digital kompetanse
- god norskkompetanse, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- trivast i lag med ungdom og har god evne til relasjonsbygging
- er ein trygg og tydeleg vaksen, både i og utanfor klasserommet
- er fleksibel og løysingsorientert
- har god evne til å samarbeide med tilsette, føresette og eksterne aktørar
- bidrar positivt til utviklingsarbeid
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø
- ein allsidig arbeidsplass med dyktige medarbeidarar med brei kompetanse
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter tariff
Adresse: Gjermundnesvegen 200, 6392 VIKEBUKT, Norge
Kontaktinformasjon
Tone Syltebø, Rektor
Telefon: +47 992 25 430
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.
Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging.
Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.