GIS-konsulent i 2-årig engasjement – Geodatasamarbeidet i Valdres
Valdres-GIS-samarbeid (VGIS) er eit interkommunalt kartsamarbeid mellom dei seks Valdreskommunane Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vestre Slidre, Øystre Slidre og Vang. Samarbeidet har felles programvare, kartdatabaser og internettkart. Samarbeidet har frå før ein fast tilsett GIS-konsulent i 100% stilling. Vi søkjer no etter ein konsulent til, i eit 2-årig engasjement.
VGIS har i løpet av 2023 innført nye kartsystem for forvaltning av kartdata. Det er ynskeleg å styrke bemanninga i samarbeidet for å blant anna å konfigurere og tilpasse innhald og bruk av dei nye programvareløysingane slik at dei blir gode, effektive verktøy for kommunane.
Forvaltningsprogramvara er Gisline med tilhøyrende modular levert av Norkart AS. Webkart- og presentasjonsverktøy er Origo levert av Geodata AS (dette tett integrert med ArcGIS Online).
I tillegg til arbeid med ny programvare vil det også vere aktuelt å arbeide med kvalitetsheving og innhald i kommunale kartdatabasar for plan-, grunnkart og Matrikkel.
Mykje av arbeidet vil krevja samarbeid med fagavdelingane innan plan, byggjesak, oppmåling, VA/kommunalteknikk og landbruk i dei ulike kommunane. Stillinga legg opp til mykje sjølvstendig arbeid
Den faste GIS-konsulent i samarbeidet vil ha fagleg ansvar og oppfylging av engasjementet. Formelt vil stillinga høyre til i Vang kommune, som er vertskommune for VGIS-samarbeidet. Kontorstad er i utgangspunktet Vang, men det vil vere mogleg med kontor i ei av dei andre kommunane i samarbeidet. Reising til og arbeid i kommunane i samarbeidet må uansett påreknas.
- Søknadsfrist: 21.11.2023
- Arbeidsgivar: Vang Kommune
- Stad: VANG I VALDRES
- Stillingstittel: GIS-konsulent i 2-årig engasjement – Geodatasamarbeidet i Valdres
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Engasjement
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4726649703
Arbeidsoppgåver
- Konfigurering og tilpassing av webkart/webtenester
- Oppfølging av forvaltningsprogamvare (Gisline) og brukarar av desse
- Kvalitetsheving av kommunale plandatabaser og planregister
- Kvalitetsheving for matrikkel og grunnkart i regionen
- Andre oppgåver kan bli tildelt avhengig av kompetanse/erfaring
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med relevant høgare utdanning, men god GIS kompetanse kan vege opp for manglande utdanning
- GIS-kompetanse eller anna relevant erfaring
- God IT forståing og erfaring
- Kjennskap til digitale arealplanar er ein fordel
- Førarkort klasse B og disponere eigen bil
- Må like å jobbe sjølvstendig og detaljorientert
- Må vere lære- og samarbeidsvillig
- Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande og givande jobb
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
- Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Fleksibel arbeidstid
- Tilsetting skjer på vilkår som til ei kvar tid gjeld i kommunal sektor
- Køyregodtgjering
Tyinvegen 5151, 2975 VANG I VALDRES, Norge
Kontaktinformasjon
Lars Østbye Hemsing
GIS-konsulent Valdreskommunane
Telefon:90 47 54 69
E-post:lars.hemsing@vang.kommune.no
Morten J Johansen
Kommunalsjef Landbruk og teknisk
Telefon:97622524
E-post:Morten.Johan.Johansen@vang.kommune.no
«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.
Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.