Geodatamedarbeidar – Regulering, byggesak og oppmåling
RBO har i dag 13 medarbeidarar og me er tilknytt overordna fagkontor plan. Me held til i rådhuset i Leirvik sentrum.
Det er ledig fast 100% stilling som geodatamedarbeidar.
Stillinga er nyoppretta og vil inngå i vårt karttekniske team.
Kartteknisk avdeling nyttar i dag fagprogramma Gisline, Focus arealplan, Q-gis. Me deltar i regionale nettverk og samarbeid (t.d. geovekst, FGU, DigiVestland). I arbeidet har me god dialog med samarbeidskommunar, systemleverandørar, Kartverket og IKT-avdelinga i kommunen
Stillinga vil inngå i eit team som utfører karttekniske oppgåver
- Kontroll av digitale plandata
- Produksjon av plankart (reguleringsplan- og kommuneplannivå)
- Kartteknisk støtte for sakshandsamarar ved eininga, for fagkontor plan (overordna planarbeid) og andre kommunale einingar
- GIS-analysar og temakart
- Halde oversikt over- og ha kunnskap om temadata i det offentlege kartgrunnlaget(DOK)
- Ajourhald av m.a. kartgrunnlag, planregister og matrikkel
- Administrasjon og utvikling av systemverktøy
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer tydeleg, arbeider strukturert og sjølvstendig
- Har motivasjon og evne til å vera med å vidareutvikla kart som informasjonssystem og høyringsplattform i planprosessar
- Er utviklings- og løysningsorientert i møte med anna fagpersonell, eksterne samarbeidspartnarar og utbyggings- og konsulentbransjen
- Er initiativrik, har god relasjonskompetanse og samarbeidsevner
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne (nynorsk skriftmål)
- Har god digital kompetanse og forståing
- Har god forståing for offentlege prosessar og forvaltning
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan t.d geomatikk, ingeniør, geografi, fordjuping GIS
- Relevant utdanning på minimum bachelornivå
- Erfaring innanfor fagområda kart og plan
- Erfaring i bruk av Gisline, Focus arealplan og Q-gis er ynskjeleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Faglege og spanande utfordringar i eit godt og hektisk arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Medlemskap i Stord kommune ve og vel med bl.a. husvære i Røldal, hytte på Husøy inkl. båt, utleige av tilhengarar, m.m.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med einingsleiar Elisabeth Gjerde, tlf. 469 64 985
Offentlig tenestepensjon i KLP – Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Stord kommune
- Adresse: Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Om stillingen
- Stillingstittel: Geodata medarbeidar
- Antall stillinger: 1
- Oppstart: Etter avtale
- Ansettelsesform: Fast
- Prosent: 100 %
- Heltid/deltid: Heltid
- Sektor: Offentlig
- Arbeidsdager: Ukedager
- Arbeidstid: Dagtid
Søknadsfrist: 21.05.2023
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Gjerde
Einingsleiar
469 64 985
elisabeth.gjerde@stord.kommune.no