Einininga Fysio-/ergoterapi har ledig vikariat som
Fysioterapeut
Sunnfjord kommune har ca 22 000 innbyggarar. Eininga fysio-/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 21 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadene Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.
Fagre Skei er vegknutepunkt mellom Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Avstand til Førde er 43 km og avstand til Sogndal er 60 km. Det er flyplassar både i Sogndal og Førde og begge stader har eit etablert studentmiljø ved Høgskulen Vestland. Regionen har rikt med naturopplevingar med fjord og fjell, og i nærområdet kring Skei er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, inkludert fleire skianlegg.
Vi har ledig:
100 % vikariat som fysioterapeut.
Vikariatet er ledig frå snarast og ut året.
Denne stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av tre fysioterapistillingar med primær arbeidsstad Skei. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.
Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene .
Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine vere:
- behandling og kurativ oppfølging av vaksne og eldre
- oppfølging av pasientar som er på kommunal rehabiliteringsplass
- rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
- hjelpemiddelarbeid
- instruktør i treningsgrupper
Krav til søkar:
- autorisasjon som fysioterapeut
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi søker deg som:
- har god arbeidskapasitet, og har evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange varierte arbeidsoppgåver
- er strukturert, og god til å planlegge eigen arbeidskvardag
- har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og PatientSky
- er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
- Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav
Oppgje referansar i søknaden.
Politiattest må leverast før oppstart i stillinga.
Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!
Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist:16.01.2023
Tiltreding: 30.01.2023
Arbeidsstad: Skei
Kontaktpersonar:
Marita Brandsøy Lystad
tlf: +47 57 02 12 77
mob: +47 952 23 424
Heimeside:
www.sunnfjord.kommune.no
Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.