Fysioterapeut og ergoterapeut
Eining for fysikalsk medisin og rehabilitering har 2 ergoterapi- og 2 fysioterapistillingar, ein turnuskandidat og ein stilling på hjelpemiddellageret. Vi er lokalisert i trivelege lokaler i Høyanger helse og sosialsenter og har utekontor for fysioterapeutane i Lavik helsesenter og Sørsida bygdetun med lokale som kan nyttast av begge yrkesgruppene. Vi har ledig faste stillingar som fysioterapeut og ergoterapeut frå snarast.
Vi arbeider innan rammer trekt opp i kommunehelsetenestelova der habilitering og rehabilitering er prioriterte oppgåver. Eininga har eit nært samarbeid med pleie- og omsorgsavdelinga, helsestasjon, skular, barnehagar og kommunelegar.
Vi søkjer deg som har:
- utdanning som fysioterapeut / ergoterapeut
- evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
- fleksibilitet, godt humør og er samarbeidsvillig
- god munnleg og skriftleg kunnskap i norsk
- førarkort kl B
Løn etter gjeldande tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar. Poltiattest må leggast fram ved tilsetting.
For nærmare opplysningar om stillinga ta kontakt med einingsleiar Maria Borlaug, tlf. 992 19 337
Merk søknad med saksnr 20/54 (fysioterapeut) og 20/62 (ergoterapeut)
Søknadsfrist: 9. februar 2020
Søknad via vårt elektroniske søknadssenter. Merk søknad med sak 20/54 (fysioterapeut) / 20/62 (ergoterapeut)