Fysioterapeut 80 % driftstilskott

 

Vang Kommune, Helseavdelinga

80 % driftstilskudd for fysioterapeut ledig i Vang kommune frå 1.1.2025

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 20.10.2024
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Fysioterapeut 80% driftstilskott
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 80
Webcruiter-ID: 4840144378

Arbeidsoppgåver

Arbeidet som avtalefysioterapeut omfattar undersøkelsar, behandling og rehabilitering, rettleiing og opplæring.
Pasientgruppa er mangfoldig, og som fysioterapeut ved Vang Fysikalske Institutt er det forventa at du behandlar alle typar pasientar.
Verksemda skal utøvast i tett samarbeid med kommunal fysioterapeut, andre kommunale tenestar og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Avtalefysioterapeut har kommunale oppgåver.
Ved behov skal fysioterapi tilbys i brukers hjem/på brukers arena.
Det forventes også deltakelse i videreutviklinga av gode fysioterapitenestar for befolkninga i tråd med framtidig behov.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som fysioterapeut
Relevant erfaring og relevant vidareutdanning er eit føremonn, men ikkje eit krav
Erfaring frå kommunefysioterapi, spesielt frå arbeid med born og unge er eit føremonn
God norsk skriftleg og muntleg formidlingsevne
Gyldig politiattest er ein føresetnad for tilsetjing, jfr. Lov om helsepersonell §20a.

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som

Har engasjement for faget og evne til å bygge relasjonar med brukarar og kolleger
Er initiativrik, løysingsorientert og fleksibel
Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert og med god gjennomføringsevne
Meistrar å prioritere og omfordele arbeidsoppgåver
Kan samarbeide og jobbe tverrfagleg
Me vektlegg personleg eignaheit.

Vi tilbyr

Ein arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø
Faglege utfordringar
Det ligg godt til rette for tverrfagleg samarbeid, då Vang fysikalske institutt er samlokalisert med ergoterapitenesta, frisklivssentral, legekontor, helsestasjon og psykisk helseteneste.
Me tilbyr gunstig leigeavtale ved Vang fysikalske institutt. Det er to andre fysioterapeutar ved instituttet.
Driftsavtala regulerast av den til eikvar tid gjeldande ASA 4313

Kva får du ved å flytte til Vang? Sjå Vangsfilmen: 

Vangsfilmen

Kommunen kan hjelpe med å skaffe bustad, men sjekk også ut: www.vangivaldres.no/arbeid-og-bustad/bustader-og-tomter

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Tyinvegen 5151, 2975 Vang i Valdres, Norge

 

Kontaktinformasjon

Seija Johanna Kumpula, Leiar for helseavdeling
Telefon:  977 43 775
E-post:  Seija.Johanna.Kumpula@vang.kommune.no

 

Vang kommune som arbeidsgjevar:

Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
Å bu i Vang kommune:
Ei storstilt satsing på barn og unge!
Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
Helse og omsorgstenester av god kvalitet
Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima”, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

  • Seija Johanna Kumpula
  • Tittel: Leiar for helseavdeling
  • E-Post: Seija.Johanna.Kumpula@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 977 43 775

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

Oktober 20, 2024