Undervisingsstilling i matematikk , naturfag og biologi
Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film https://youtu.be/37e8hMyhHnA
Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.
Søknadsfrist: 05.01.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Eikelandsosen
Stillingstittel: Undervisingsstilling i matematikk, naturfag og biologi
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4897167692
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.07.2025
Arbeidsoppgåver
Me har ein 100% stilling som vikar ledig frå 3. mars 2025 og ut skuleåret. Stillinga er variert og omfattar undervising i matematikk, naturfag og biologi for studieførebuande og yrkesfaglege programområde.
Me forventar vidare at den som vert tilsett:
- Deltek i utviklingsarbeid i faggruppa
- Deltek i arbeidet for heilskapen på skulen
Kvalifikasjonar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
God digital kompetanse
Til alle undervisningsstillingar er det krav om undervisningskompetanse, minst 240 studiepoeng, inkludert relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i matematikk og 60 studiepoeng i biologi) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova.
I tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse ynskjer me tilsette med god fagdidaktisk kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
- Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, men deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
- Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
- Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
- Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
- Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikla faggruppa
- Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
- Nært samarbeid med kollegaer
- God delingskultur og positiv innstilling
- Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
- Løn og løsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysingar
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
Leiro 43, 5640 Eikelandsosen, Norge
Kontaktinformasjon
Gunnar Ljones Dolve
avdelingsleiar
Telefon:91615814
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.