Lærar i teknologi og industrifag

 

 

Flora vidaregåande skule, ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag.
Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for ungdom og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på www.flora.vgs.no.
Frå 010125 har vi ledig stilling som lærar i teknologi- og industrifag. Søknadsfrist 17.10.24

 

Søknadsfrist: 17.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar i teknologi og industrifag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4868490904

 

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i aktuelle programfag på VG1 teknologi- og industrifag og VG2 Industriteknologi etter behov.
  • Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev innan mekaniske fag eller relevante fagområde, samt minimum fire års relevant yrkeserfaring etter gjennomført fagbrev.
  • Kjennskap til lokalt næringsliv er ønskjeleg. Teknisk fagskule eller annen høyere utdanning, eventuelt godkjend yrkesfaglærarutdanning.
  • God og oppdatert kjennskap innan HMS, kvalitet og dokumentasjon.
  • Søkjarar utan formell undervisningskompetanse (fagleg og pedagogisk) kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan nærare gjeve frist.
  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.

 

Personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell.
  • Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande.
  • Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling
    og dermed kvaliteten på opplæringa.
  • Som lærar innan eit yrkesfag er det viktig å sjå utdanninga som primært ei førebuing til lære.
  • Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre.
  • Du må vere reflektert både sjølv, og i lag med andre og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling

 

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
  • Utfordrende og spennende oppgaver i et utviklende fellesskap:
  • Trivelige kollegaer.
  • Gode faglige utviklingsmuligheter

 

Andre opplysningar:

  • Den som blir tilsett må legge fram politiattest av nyare dato.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk- pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar.

Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med Avdelingsleiar Ole Hartvik Hennøy (tlf 918 72 726) eller rektor Lars Anders Nybu (tlf 415 30 604) Søknadsfrist: 17.10.2024

 

Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Lars Anders Nybu
Rektor ( vikariat)

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Lars Anders Nybu
  • Tittel: Rektor ( vikariat)
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Florø

Søknadsfrist

Oktober 17, 2024