Lærar i språk- og samfunnsfag (m.a. spansk, engelsk og aktuelle samfunnsfag)
Flora vidaregåande skule ligg i Florø og har sju utdanningsprogram innan både studieførebuande- og yrkesfag. Vi er omlag 90 tilsette som kvar dag bidreg til læring, inspirasjon og trivsel for 500 ungdommar og vaksne.
Meir informasjon om skulen finn du på flora.vgs.no.
Frå 01.08.24 har vi ledig heil stilling innan språk- og samfunnsfag med hovudvekt på undervisning i spansk og engelsk i kombinasjon med andre relevante språk- og samfunnsfag.
Søknadsfrist: 18.06.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: FLORØ
Stillingstittel: Lærar i språk- og samfunnsfag (m.a. spansk, engelsk, norsk og aktuelle samfunnsfag)
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4827319139
Arbeidsoppgåver
Undervisning i aktuelle språk- og samfunnsfag etter kompetanse og behov. Skulen har særleg kompetansebehov innan engelsk, spansk eventuelt i kombinasjon med andre fag skulen tilbyr. Stillinga kan verte tillagt kontaktlæraroppgåver. Ta kontakt med skulen ved spørsmål fagsamansetnad.
Kvalifikasjonar
Du som vert til sett må ha undervisningskompetanse i aktuelle språk- og samfunnsfag, og kunne legge fram politiattest av nyare dato.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer deg som er oppteken av faga dine, likar å arbeide med ungdom og som er ein god rollemodell. Du må vere oppteken av å skape eit trygt og godt læringsmiljø og framstå som tydeleg og inkluderande. Som lærar må du vere bevisst ansvaret som ligg i å leie arbeidet for elevane, og legge til rette for deira utvikling og dermed kvaliteten på opplæringa.
Det er forventa at du kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du må vere reflektert både sjølv og i lag med andre, og vere motivert for å bidra til både eiga og andre si endring og utvikling.
Vi tilbyr
Lønn etter avtale og offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
Andre opplysningar:
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Eventuelle overtallige i Vestland fylkeskommune kan ha førerett til stillinga. Dette vert avklara før tilsetting.
For nærare informasjon om stillingsbehovet ta kontakt med avdelingsleiar Solveig Helene Brekke (tlf 975 47 766). Søknadsfrist: snarast og seinast 18.06.24
Professor Gjeldsviksv 22, 6900 FLORØ, Norge
Kontaktinformasjon
Knut Christian Clausen
rektor
Telefon:41530684
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.