Vil du vere med å drifte arbeidet med marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd ?

 

 

  • Arbeidsgiver: Fjordane Friluftsråd
  • Stillingstittel: Prosjektleiar Rydd Sogn og Fjordane
  • Frist: 15.03.2024
  • Ansettelsesform: Prosjekt

 

Prosjektleiar/koordinatorMarin forsøpling. (NB kort frist!)

 

Presentasjon av stillinga:

Fjordane Friluftsråd søkjer prosjektleiar/koordinator for «Rydd Sogn og Fjordane» med kontorstad Horne Brygge i Florø. Stillinga har ei varighet på 12 mnd. Dette er ei spennande og særs givande stilling der du verkeleg får bidra positivt til rydding av naturen. Fjordane Friluftsråd har sidan 2017 hatt ei aktiv rolle innan bekjemping av marin forsøpling, og driftar i dag store prosjekt på dette.

Rydd Sogn og Fjordane er eit overordna koordinerande strandryddeprosjekt for områda av tidligare Sogn og Fjordane. Prosjektet tar for seg koordinering av frivillig rydding av marint avfall frå indre og ytre kyststrøk frå Solund i sør til Stad og Stryn i nord. Du motiverer til rydding, fører rydderesultat, rapporterer på budsjett og førebur nye søknader for vidare finansiering, får aktive dagar i felt med rydding og innhenting av avfall bl.a med Skjergardstjenesta i Sogn og Fjordane. Det vil vere eit kollegialt samarbeid med andre kring prosjekt som Skuleturnè for havet, Friluftsliv og strandrydding som sosial arena m.m.

 

Arbeidsoppgåver;

  • Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.
  • Engasjere frivillige lag, skular og enkeltpersonar til rydding.
  • Planlegge og delta på ryddeaksjonar.
  • Koordinere ryddelaga sitt arbeid opp mot all anna aktivitet i Sogn og Fjordane, m.a saman med andre prosjekt i Friluftsrådet.
  • Samarbeide mot og tidvis delta på tokt med Skjergardstenesta (internt i FF).
  • Planlegge og booke tokt med større arbeidsbåt.
  • Undervisning skular, bedrifter.
  • Tilrettelegge for effektiv handtering av marint avfall, derav kommunikasjon med renovasjonsselskap ang. utsetting og innhenting av konteinere.
  • Nettverksbygging med organisasjonar, frivillige lag, bedrifter og offentleg sektor.
  • Fylgje opp avtalar med underleverandørar, og ha kontakt med samarbeidspartnere og videreutvikle dette.
  • Ansvarleg for tilfredsstillande rapportering.

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan miljø, renovasjon og/eller maritime fag eller tilsvarande praksis.
  • Gjerne erfaring som prosjektleiar, med gode leiareigenskapar.
  • Budsjettarbeid og bruk av excel.
  • God formidlingsevne og evne til å engasjere.
  • Organisatorisk og administrativ erfaring.
  • God kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram.
  • Erfaring med organisering av operasjonar i felt, helst maritime operasjonar.
  • Solid erfaring med HMS-arbeid og sikkerheit ifrå feltoperasjonar.
  • God optimaliseringskompetanse for arbeid i felt.
  • Lokal- og stadkunnskap på kysten av gamle Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.
  • Solid forståing av planlegging i høve vær og tilhøve på ytre kyst av Vestland.
  • Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk (sistnemde vil evt. arrangerast som del av opplæringa).
  • Kan vise til plettfri vandelsattest (ifb. med arbeid med born og unge)

 

Personlege eigenskaper:

Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner. Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik med god evne til jobbing på eigahand og med ansvar for eiga framdrift, men også i team. Erfaring med ansvar for tilsette vert vektlagt og med gode evner til motivering og bygging av eit sunt og inspirerande arbeidsmiljø i teamet du vil ha ansvar/blir del av. Vi ser etter deg som er skikka og har evne til å leie, byggje nettverk i offentleg, privat og frivillig sektor og brenn for miljøet og ein reinare kyst.

Dette er ei stilling kor du må vere uthaldane, både motivasjonsmessig og fysisk.

 

Vi tilbyr:

  • Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø på kysten av Sogn og Fjordane.
  • Du vil få ein variert arbeidskvardag på kontoret, i felt, på sjøen og i land på holmar og skjær i havgapet.
  • Dette er ei utruleg gjevande stilling kor du får vere med å drive eit prosjekt for å rydde opp i ei av vår tid sine største miljøutfordringar – nemleg marin plastforureining.
  • Den som vert tilsett må pårekne noko reiseverksemd.
  • Løn etter avtale, pensjonsordning og naudsynte forsikringar.

 

Kontaktinformasjon

  • Fjordane Friluftsråd
  • Kommunehuset
  • 6924 Hardbakke
  • Bjarte Engevik/dagleg Leiar, tlf. 91772723
  • Arlene Vågene, styreleiar, tlf. 40239260

 

Arbeidsstad/kontor

  • Fjordane Friluftsråd
  • Horne Brygge
  • 6900 Florø

 

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Fjordane Friluftsråd
  • Stillingsprosent: 100%
  • Søknadsfrist 15.03.2024
  • Varighet; 12 mnd, høve til forlenging.

 

Søknad

Søknadsfrist: 15.03.2024

 

Om stillinga

  • Stillingstittel: Prosjektleiar
  • Stad: Fjordane Friluftsråd
  • Ansettelsesform: Anna
  • Oppstart; 01.04.2024
  • Heltid/deltid: Heiltid
  • Tal stillingar: 1
  • Sektor: Friluftsråd

 

Om arbeidsgivaren

  • Arbeidsgiver; Fjordane Friluftsråd, org.nr. 918 552 537
  • Adresse: Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

 

Om arbeidsgiveren

Interkommunalt Friluftsråd med Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn som medlemskommunar. Vi er eit friluftsråd som har hatt stor vekst i prosjekttilfang og som har ein 9 tilsette Vi arbeider med saker knytta mot friluftsliv for våre medlemskommunar, tilrettelegging, skjøtsel, statlig sikra områder og friluftsskular i tillegg til at vi drivt eit stort arbeid knytta til marin forsøpling.
Org.nr. 918 552 537
Arbeidsgivar; Fjordane Friluftsråd
Adresse: Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

  •  Nettverk: Facebook
  • Sektor: Offentlig
  • Sted: Horne Brygge 15, 6900 Florø
  • Bransje: Maritim og offshore, Miljøtjenester, Renovasjon og renhold
  • Stillingsfunksjon: Logistikk og lager, Prosjektledelse, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering

 

Spørsmål om stillingen

Bjarte Engevik
Dagleg Leiar
91 77 27 23

Arlene Vågene
Styreleiar
40 23 92 60

 

 

Søk her

 

 

Hjemmeside

Horne Brygge 15, 6900 Florø

Del stillingen

Selskap

Fjordane friluftsråd

Kontaktinfo

  • Bjarte Engevik
  • Tittel: Dagleg Leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 91 77 27 23
  • Arlene Vågene
  • Tittel: Styreleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 40 23 92 60

Lokasjon

  • Florø

Søknadsfrist

Mars 15, 2024