Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

 

Vil du bli styrar i Yksnebjør barnehage?

 

Frå 1. desember har vi ledig 100 % fast styrarstilling i barnehagen vår.

Yksnebjør barnehage ligg midt i Dale i Sunnfjord – omgjeven av fjord, fjell og eit levande lokalsamfunn.

Vi er ein barnehage med seks avdelingar fordelt på to hus, full av leik, latter og læring kvar einaste dag. Hjå oss møter du engasjerte tilsette som brenn for å skape tryggleik og trivsel for barna, og som ønskjer ein styrar som vil vere med og løfte laget vidare. I barnehagen er det også ein assisterande styrar i ei 40 % stilling.

Du vil inngå i leiarteamet til oppvekst og samarbeide tett med dei tre andre barnehagane i kommunen.

Kven er du?

Vi ynskjer oss ein styrar som både har hjartet og hovudet på rett stad. Du likar å arbeide tett saman med folk, og du trivst med å ha ansvar – for både barn, tilsette og økonomi. Du ser verdien i gode relasjonar, du er tydeleg som leiar, og du blir motivert av å sjå både barn og tilsette vekse og utvikle seg. Som styrar rapporterer du til kommunalsjef for oppvekst.

Arbeidsoppgåvene dine

  • Overordna ansvar for pedagogisk utvikling og kvalitet i barnehagen.
  • Leiing og oppfølging av tilsette, inkludert personal- og arbeidsmiljøansvar.
  • Økonomistyring og budsjettansvar.
  • Sikre at barnehagen følgjer lovverk, rammeplan og kommunale retningsliner.
  • Bidra til samarbeid med føresette, lokalmiljø og kommunen.

Kvalifikasjonar og kompetanse

  • Godkjend barnehagelærarutdanning og minimum tre år erfaring frå oppvekstområdet.
  • God kjennskap til barnehagefeltet og rammeplanen.
  • God økonomiforståing og evne til å prioritere innanfor gjeldande budsjettrammer.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Godkjend politi- og tuberkulinattest

 

Ønkjeleg

  • Vidareutdanning i leiing.
  • Leiarerfaring frå barnehage eller annan relevant verksemd.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere, inspirere og leie i lag med andre.
  • Strukturert og målretta arbeidsform.
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse.
  • Evne til å sjå- og møte både barn, føresette og tilsette.

 Det blir vektlagt at ein er personleg egna for stillinga.

 

Vi tilbyr

  • eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • moglegheit for å påverke utviklinga av barnehagen
  • løn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • støtte til fag og kompetanseutvikling

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 15.10.2025
Tiltreding: 01.12.2025
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

 

Kontaktpersonar:

Kjell Stien
Stilling: Kommunalsjef oppvekst
tlf: +47 57738060
mob: +47 90184680

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Yksnebjørvegen 19-21 6963 Dale i Sunnfjord

 

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

Yksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular.
Barnehagen har 53 barn og 17 tilsette fordelt på 4 – 5 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen.
BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre.
Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Kjell Stien
  • Tittel: Kommunalsjef oppvekst
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 577 38 060 mob: +47 901 84 680

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Oktober 15, 2025