Fjaler kommune Integreringstenesta

 

 

Integreringskonsulent – årsvikariat i 100 % stilling

 

 

Fjaler kommune har ledig eit 100 % vikariat som konsulent i Integreringstenesta, med varigheit på inntil eitt år og moglegheit for forlenging. 

Fjaler kommune har busett nærare 120 flyktningar sidan 2015, og vil etter planen busetje fleire i åra som kjem. 

Tenesta har i dag éi fast stilling i tillegg til den som no er lyst ut. Kommunalsjef for kultur og samfunnsutvikling er næraste leiar og du vil ha kontorstad på kommunehuset i Dale.

Som integreringskonsulent hos oss, vil du ha tett samarbeid internt i Integreringstenesta og med andre tenester som vi samarbeider med. Du vil i hovudsak ha praktiske oppgåver i samband med mottak av nye flyktningar og rettleiing og hjelp til dei som allereie er busett i kommunen. Det er viktig at du er god på å skape relasjonar og har interesse for å drive godt integreringsarbeid.

 

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing og oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
  • Administrative oppgåver som er tillagt integreringtenesta.
  • Vere med å sikre god oppfølging av den einskilde i samarbeid med mellom anna lege/helsestasjon, skule/barnehage, vaksenopplæring og NAV.
  • Kontakt med arbeidsgjevarar og oppfølging av deltakarar i språkpraksis.
  • Praktisk arbeid i samband med busetjing.
  • Rettleiing på personleg økonomi og bustad.
  • Koordinering fritid barn og unge.
  • Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar.
  • Sakshandsaming.

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid kan bli aktuelt i periodar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3-årig høgskule utdanning.
  • Søkjarar med relevant fagbrev – til dømes helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar – eller med særleg relevant erfaring frå integrerings-, inkluderings- eller flyktningarbeid kan òg søkje og vil bli vurderte.
  • Erfaring frå arbeid med rettleiing av menneske er ein føremon, men ikkje noko krav.
  • Grunnleggande digital kompetanse og evne til å setje seg inn i fagsystem.
  • Evne til å setje seg inn i lover og regelverk som gjeld tenesta.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Førarkort klasse B.

 

Personlege eigenskapar

  • Interesse for integreringsarbeid
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide løysingsorientert, strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel, som gjer at du raskt kan gå frå den eine til den andre oppgåva

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt med oss for å få vite meir, vi ser fram til å høyre frå deg.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Vikariat
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 02.08.2026
Tiltreding: Etter avtale
Arbeidsstad: Dale i Sunnfjord

 

Kontaktpersonar:

Ingeborg Tysnes, kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
tlf: +47 57738044
mob: +47 98865054
E-post: Ingeborg.Tysnes@fjaler.kommune.no

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Dalstunet 20 6963 Dale i Sunnfjord

 

Fjaler kommune Integreringstenesta

Fjaler kommune har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen med eit samla folketal på om lag 10500. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, samt gode skular og sørvistilbod. UWC og Dalsåsen kunstnarsenter har i mange år tilført Fjaler kommune internasjonale impulsar. Det har gjort fjalerfolk trygge på å ta godt i mot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord, fjell og vakker natur.

Integreringsarbeidet i Fjaler ligg organisert under kultur og samfunnsutvikling Det er busett nærare 100 flyktningar sidan 2015, der dei aller fleste er busette i kommunesenteret Dale. Kontorlokala til integreringstenesta er lokalisert i kommunehuset i Dale.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Ingeborg Tysnes
  • Tittel: Kommunalsjef kultur og samfunnsutvikling
  • E-Post: Ingeborg.Tysnes@fjaler.kommune.no
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 577 38 044 mob: +47 988 65 054

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

August 2, 2026