Fjaler kommune Våge barnehage

 

Pedagogisk leiar eller barnehagelærar til Våge barnehage

 

 

Våge barnehage søkjer etter barnehagelærar til ei 100 % fast stilling. Våge barnehage ligg ytst i Fjaler kommune, vi har ein ny fin barnehage med ca. 20 barn.

Vi søkjer fortrinnsvis etter pedagogisk leiar, men barnehagelærar kan òg vere aktuell for stillinga. For rett kandidat vil stillinga bli tilpassa kompetanse og erfaring.

Som pedagogisk leiar vil du ha eit overordna ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, i tillegg til fagleg rettleiing av personalet. Du har eit særleg ansvar for å sikre at barnehagelova og rammeplanen vert følgde.

Som barnehagelærar vil du arbeide aktivt i det pedagogiske arbeidet saman med resten av personalgruppa, bidra til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, og støtte opp under det faglege arbeidet på avdelinga i samarbeid med pedagogisk leiar.

Felles for begge stillingane er at du nyttar di faglege, pedagogiske og etiske kompetanse til å skape ei trygg og inkluderande ramme der barna kjenner seg som ein del av eit fellesskap, får utvikle seg og opplever meistring. 

Hos oss får du ein variert og kjekk kvardag saman med barna og eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Annan treårig godkjendt pedagogisk høgskuleutdanning er velkomen til å søkje
  • Gode norskkunnskapar – både skrifteleg og munnleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest

 

Om deg

  • Har godt samspel med barn og vaksne
  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør

Vi vektlegg at du er personleg eigna til stillinga.

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga. Vi håper du søkjer og blir vår nye kollega.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 25.01.2025
Tiltreding: Snarast / etter avtale
Arbeidsstad: Våge

 

Kontaktpersonar:

Kristin Hellebust Strømberg
mob: +47 99518177

 

Heimeside:

www.fjaler.kommune.no

 

Adresse:

Vågsvegen 6967 Hellevik

 

Fjaler kommune Våge barnehage

Våge barnehageligg ytst i Fjaler. Barnehagen har heilt nye lokale like ved Våge skule. Vi har eit allsidig opparbeidd uteareal, og avstandane er korte til skog, sjø og Våge ballpark. I Våge barnehage er vi opptatt av alle skal ha det bra ilag, vi skal være «Ein stad der vi skapar vennskap og god minner».

Barnehagen har to avdelingar: Blåbær er storbarnsavdeling med 12 plassar og Tytebær er småbarnsavdeling med 7 plassar.

Del stillingen

Selskap

Fjaler kommune

Kontaktinfo

  • Kristin Hellebust Strømberg
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 99518177

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord

Søknadsfrist

Januar 25, 2026