Elevar på fjelltur

Fitjar vgs, Vestland fylkeskommune

Lærar i restaurant- og matfag

Fitjar vidaregåande skule finn du på Fitjar. Skulen har omlag 190 elevar og 32 tilsette. Visjonen til skulen er «Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera – ein god stad å læra».

Alle tilsette er tett på elevane, og verdiane våre er:

Me bryr oss. Alle er gode medmenneske!
Saman gjer me kvarandre gode.
Kvalitet i alle ledd.
Skulen har eit sosiokonstruktivistisk læringssyn der me legg vekt på at læring skjer i samspel og deltaking mellom menneske. Me samarbeider godt med lokalt næringsliv og legg stor vekt på praksisnær undervisning.

Fitjar vgs har desse utdanningsprogramma: Helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, frisør-blomster-interiør- og eksponeringsdesign, påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 og Vg4) og vaksenopplæring.

Skulen har frå 02. mars 2026 følgjande stilling ledig:

– 100% vikariat som programfaglærar på Vg1 Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag/Vaksenopplæring.

Det er moglegheit for forlenging av vikariatet for neste skuleår.

Det er og mogleg at det vert behov for vikar 1-2 dagar i veka i den same stillinga i januar og februar 2026.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:Snarast
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Stad:Fitjar
Stillingstittel:Lærar i restaurant- og matfag
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Vikar
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:5041346456
Startdato:02.03.2026
Sluttdato:21.06.2026

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i programfaga ved Vg1 Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag.
  • Tverrfagleg arbeid og samarbeid med lærarar i fellesfag og programfag.

Kvalifikasjonar

  • Yrkesfaglærarutdanning/fagutdanning/undervisningskompetanse innan programfaga på Vg1 Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag, praktisk pedagogisk utdanning.
  • Ynskjeleg med yrkeserfaring innan oppvekstsektoren.

Personlege eigenskapar

  • Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbygging og ha eit ynskje om å delta i eit framtidsretta læringsmiljø i digitale omgjevnadar.
  • Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.
  • Den me tilset må ha godt lag med ungdom, vera venleg, tydeleg og strukturert.
  • Me ynskjer oss ein kollega med godt humør, positiv innstilling, fleksibel og ha eit ynskje om å skapa eit godt fagmiljø saman med andre på skulen.

Vi tilbyr

  • Fitjar vgs er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og nytenkjing. Me har eit særs triveleg arbeidsmiljø og har eit aktivt velferdslag.
  • For stillinga gjeld vanlege løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår http://fitjar.vgs.no

Bruk elektronisk søknadsskjema.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Fitjar Vidaregåande Skule, Havnavegen 2, 5419 Fitjar, Norge

Kontaktinformasjon

Christer Stewart Aarbø
Konst. rektor
Telefon:+47 47837722
E-post:[email protected]

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Christer Stewart Aarbø
  • Tittel: Konst. rektor
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: +47 47837722

Lokasjon

  • Fitjar

Søknadsfrist

Januar 12, 2026