
Lærar i restaurant- og matfag, vaksenopplæring
Fitjar vidaregåande skule finn du på Fitjar. Skulen har omlag 190 elevar og 32 tilsette. Visjonen til skulen er «Fitjar vgs skal vera ein god stad å vera – ein god stad å læra». Alle tilsette er tett på elevane, og verdiane våre er:
- Me bryr oss. Alle er gode medmenneske!
- Saman gjer me kvarandre gode.
- Kvalitet i alle ledd.
Skulen legg vekt på at læring skjer i samspel og deltaking mellom menneske. Me samarbeider godt med lokalt næringsliv og legg stor vekt på praksisnær undervisning.
Fitjar vgs har desse utdanningsprogramma: Helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, frisør-blomster-interiør- og eksponeringsdesign, påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 og Vg4) og modulstrukturert vaksenopplæring (MVOV) innan helsearbeidarfag og kokkfag.
Skulen har frå 1. november 2026 følgjande stilling ledig:
– 65 % fast stilling som programfaglærar på modulstrukturert vaksenopplæring for kokkfag/Vg1 Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag.
Søknadsfrist: 12.07.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Fitjar
Stillingstittel: Lærar i restaurant- og matfag, vaksenopplæring
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 65
Webcruiter-ID: 5149520471
Startdato: 01.11.2026
Arbeidsoppgåver
Undervisning som programfaglærar på modulstrukturert vaksenopplæring (MVOV) for kokkfag. Det kan og bli aktuelt med undervisning på Vg1 Restaurant- og matfag og Vg2 Kokk- og servitørfag. Stillinga kan bli utvida på eit seinare tidspunkt.
Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.
Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.
Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.
Kvalifikasjonar
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Det er ynskjeleg med:
– Undervisningserfaring.
– Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
- Du har god pedagogisk forståing.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Vi tilbyr
- Fitjar vgs er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og nytenkjing. Me har eit særs triveleg arbeidsmiljø og har eit aktivt velferdslag.
- Gode høve til eiga læring og utvikling.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår http://fitjar.vgs.no
Fitjar Vidaregåande Skule, Havnavegen 2, 5419 Fitjar, Norge
Kontaktinformasjon
Christer Stewart Aarbø
Rektor
Telefon:+47 47837722
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

