
Avdelingsleiar
Fitjar vidaregåande skule ligg i vakre omgivnadar i sentrum av Fitjar. Skulen har omlag 200 elevar og 33 tilsette. Visjonen til skulen er «Fitjar vgs. skal vera ein god stad å vera og ein god stad å læra». Alle tilsette er tett på elevane, og verdiane våre er:
– Me bryr oss. Alle er gode medmenneske!
– Saman gjer me kvarandre gode.
– Kvalitet i alle ledd.
Skulen legg vekt på at læring skjer i samspel og deltaking mellom menneske. Me samarbeider godt med lokalt næringsliv og legg stor vekt på praksisnær undervisning.
Skulen har desse utdanningsprogramma: Helse- og oppvekstfag (yrkesfag og studieførebuande), Restaurant- og matfag, Frisør-blomster-interiør- og eksponeringsdesign, Påbygging til generell studiekompetanse (Vg3 og Vg4) og modulstrukturert vaksenopplæring for helsefagarbeidar og for kokk- og servitør.
Søknadsfrist: 16.04.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Fitjar
Stillingstittel: Avdelingsleiar
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5104809655
Arbeidsoppgåver
- Hovudarbeidsoppgåver vil vera å leia ei avdeling, med personal-, økonomi- og pedagogisk ansvar
- Delta i utviklinga av skulen og profesjonsfellesskapet saman med leiargruppa
- Skuleårsplanlegging og ansvar for å legga og vedlikehalda timeplanen
- Statistikkarbeid og resultatoppfølging
- Gjennomføring av eksamen
- Det kan bli lagt noko undervisning til stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant undervisningskompetanse og erfaring frå skulesektoren
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Det er ønskjeleg med kompetanse i skuleårsplanlegging og timeplanlegging (Visma InSchool)
- Det er ønskjeleg med leiarutdanning og/eller -erfaring
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på ved tilsetjing.
- Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbygging og ha eit ynskje om å delta i eit framtidsretta læringsmiljø i digitale omgivnadar. Den me tilset må ha godt lag med ungdom, vera venleg, tydeleg og strukturert. Me ynskjer oss ein kollega med godt humør og positiv innstilling, som er fleksibel og har eit ynskje om å skapa eit godt fagmiljø saman med kollegaene på skulen.
Vi tilbyr
- Ein inspirerande arbeidsstad med rom for kreativitet og nytenking. Me har eit tett kollegasamarbeid og god delingskultur, eit særs triveleg arbeidsmiljø og eit aktivt velferdslag.
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Fitjar Vidaregåande Skule, Havnavegen 2, 5419 Fitjar, Norge
Kontaktinformasjon
Christer Stewart Aarbø
Rektor
Telefon:+47 47837722
E-post:Christer.Stewart.Aarbo@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

