Fitjar legekontor har til saman tre fastlegar og ein LIS1 lege. Kommunen er godkjend utdanningsverksemd, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett sjukepleiarar og helsefagarbeidar.

Som fastlege i Fitjar kommune deltar du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og den er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis.

Fitjar kommune søkjer deg som:

  • Har norsk autorisasjon som lege.
  • Har fullført LIS1.
  • Kan norsk eller eit nordisk språk godt, både munnleg og skriftleg.
  • Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.
  • Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Bidreg til eit arbeidsmiljø med arbeidsglede, engasjement og inkludering.
  • Har grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.
  • Har førarkort for personbil og disponerer eigen bil.

 

Fitjar kommune tilbyr:

  • Opparbeidd liste og moglegheit for økt listetak om ein ønskjer dette.
  • Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell.
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
  • Moglegheit til å velje næringsdrivande praksis med 8.2 avtale.
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.
  • Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs, og ev. støtte til ALIS utdanning.
  • Bistand med å finna bustad.
  • Veiledning av ALIS?
  • Moglegheit for bruk av ultralyd.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande.

Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Relevant erfaring vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar. Det vert lagt vekt på fagleg dugleik, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet. Nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest.

Om kommunen:

Fitjar er ein øykommune med vel 3200 innbyggjarar. Kommunen ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland og har urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger. Fitjar kommune har om lag 200 dyktige medarbeidarar som gjer ein god innsats for at innbyggjarane skal ha ein meiningsfull og god kvardag.

Som lege hjå oss vert du med på å byggje dette laget vidare. Fitjar kommune er opptatt av høg kvalitet på helsetenestene og at pasientane våre får god service. For å lykkast vidare i dette arbeidet søkjer kommunen deg som deler vår målsetnad og er ein kollega som fremjar fellesskap og samarbeid i fagmiljøet.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med kommuneoverlege Anne Lise Haukås (telefon 926 888 96), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971).

 

Søknadsfrist: 30.10.23.

Me oppmodar at ein søkjer elektronisk. Søknadsskjema finn du her.