Fastlegeheimel
Hyllestad kommune har ledig stilling som fastlege frå medio mars, alternativ oppstart etter nærare avtale.
Hyllestad kommune kan tilby fastlegestilling for spesialist i allmennmedisin eller deg som skal starte på/er i eit spesialiseringsløp.
Arbeidsoppgåver
Vanlege legeoppgåver knytt til praksisen og offentleg teneste
Listetak per no er 650 pasientar
Legevakt
Hyllestad kommune deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 andre kommunar. Legevakta er lokalisert til Førde, der ein har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er 18-delt og fastløna. Vi tilbyr fri etter nattevakt i legevakta, før dagvakt lokalt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter nokon som ønskjer å bidra til ei stabil legeteneste i kommunen – og som er spesialist i allmennmedisin eller ønskjer å spesialisere seg til det.
Søkjarar med utdanning frå andre land bør ha gjennomført turnusteneste og ha refusjonsrett hos helfo, samt norsk autorisasjon som lege.
Personlege eigenskapar, erfaringar og kommunikasjonsferdigheiter vil bli vektlagt ved tilsetting.
Tilfredsstillande helse- og politiattest må visast fram før tiltreding i stillinga.
Førarkort for personbil.
Vi tilbyr
Gratis pasientlister – ingen oppstartskostnader
Fastløn eller privat praksis etter eige ønskje
Arbeidstida og oppgåver er innretta slik at arbeidet kan utførast innforbi normal arbeidstid
God pensjonsordning i KLP om ein vel fastløn
Gode arbeidsforhold i trivelege lokaler og gode kollegaer
Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, med om lag 1350 innbyggjarar. Legekontoret ligg i Hyllestad sentrum, samlokalisert med helsestasjon, jordmor, psykiatritenesta og fysioterapeut.
Legekontoret er bemanna med 3 legar, to sjukepleiarar og ein helsesekretær. Kommuneoverlegen vår er spesialist i allmennmedisin og kommunelege II er i eit spesialistløp, hjelpepersonellet vårt har lang erfaring og er dyktige medarbeidarar.
Kontakt oss gjerne:
Anette Ester, kommuneoverlege/spesialist i allmennmedisin, tlf. 57789520 [email protected]
Moussa El Haddad, fastlege/ALIS, tlf. 57789520 – [email protected]
Elin Garnes Solås, personalsjef, tlf. 57789504 – [email protected]
http://www.hyllestad.kommune.no