Legetenesta i Sunnfjord har ledig Fastlegeheimel
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.
Vikariatet er knytta til legekontoret I Naustdal kor det jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 4,2 årsverk hjelpepersonell på legekontoret.
Heimelen er ledig frå 1. juli 2024. Det er 600 pasientar på denne lista – pasienttalet kan aukast. Ein må rekne inntil 20 % kommunal stilling. Sidan dette er ei lita pasientliste kan vi tilby kurativ verksemd på anna legekontor i kommunen eller auka kommunal bistilling. Vi flyttar i nye og moderne lokale 1. oktober 2024.
Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale. Vi kan og tilby fastløn/hybrid-avtale og vi har gode ALIS avtalar. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar Pasientsky som journalsystem.
Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 26-delt vakt.
Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkjarane er personleg skikka, kan vise til gode samarbeidsevner og snakkar/skriv godt norsk. Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Kontaktpersonar:
Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662 kef@sunnfjord.kommune.no
Arne Bjørnetun (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Naustdal) mobil 97574480 arne.bjornetun@sunnfjord.kommune.no
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Sektor: Helse
Stillingstype: Lege
Søknadsfrist: 14.04.2024
Tiltreding: 01.07.2024
Arbeidsstad: Naustdal
Kontaktpersonar:
Knut Erik Folland
mob: +47 918 82 662
Heimeside:
www.sunnfjord.kommune.no
Adresse: Hafstadvegen 42 0000 Førde
Sunnfjord kommune Legetenesta
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.