Fastlege ved Vikedal legekontor
Me søker:
Sjølvstendig næringsdrivande fastlege som er ansvarleg, handlekraftig, fleksibel og som likar å arbeide med mennesker.
Hos oss blir du eindel av ein trivelig liten gruppepraksis med stor mulighet for fagleg utvikling, solid hjelpepersonell og gode lokaler. Legekontoret ligg idyllisk plassert i Vikedal sentrum.
Gruppepraksisen består av to legeheimlar. Fastlegelista er godt etablert og har eit listetak på 1000 plasser. Nåverande fastlegar er sjølvstendig næringsdrivande med 8.2 avtale med kommunen.
Vindafjord kommune tilbyr ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.
Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.
Hovudarbeidsoppgåver:
Fastlege oppgåver
Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeidet
Kommune kan tilplikte 20% kommunale oppgåver i stillinga
Kvalifikasjonar:
Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
Norsk autorisasjon
God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
Må kunne norsk skriftleg og munnleg
Legekontoret og legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar
Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby:
Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet
Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS)
Variert arbeid i eit positivt miljø
Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Legetenesta i Vindafjord kommune:
Kommunen har totalt 3 legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
Sjekk ut www.vindafjord.kommune.no
For meir info om stillinga,ta kontakt med
Niels Stuhr tlf 45804732
Niels.Sebastian.Stuhr@vindafjord.kommune.no
Maren T Hustoft 92482820
Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Fylke: Rogaland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Varierande arbeidstid
Søknadsfrist: 06.05.2024
Tiltreding: 01.10.2024
Arbeidsstad: Vikedal legekontor
Kontaktpersonar:
Maren Tjelmeland Hustoft
mob: +47 92482820
Niels Sebastian Stuhr
mob: +47 45804732
Terje Kleiven
mob: +47 93438664
Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/helse-og-velferd/pleie-og-omsorg/omsorgssenter/vindafjordtunet/
Adresse: Rådhusplassen 1 5580 Ølen
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune er sentralt plassert på Indre Haugalandet og grensar mot Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Vindafjord har ni bygder med ca. 8.850 innbyggjarar. Kommunesenteret Ølen ligg 5 mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune, har eit særs sterkt og variert næringsliv og ambisjon om å vera sentrum for Indre Haugalandet. Kommunen ligg strategisk til og har ei lang kystlinje både mot Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget. Saman med turstiar i skog og fjell, gjev dette gode høve til eit allsidig friluftsliv. Tenestetilbodet er godt utbygd både for born, unge og eldre.