Kvinnherad kommune Brann og redning

Brannførebyggjar 100% fast 2.gongs utlysning

 

 

 

Omtale av stillinga

Eininga Brann og redning har 6 heiltidstilsette, kor 4 er på førebyggande avdeling. Då vi har auka arbeidsmengde når det gjeld feiing og tilsyn så søkjer vi no etter ein ekstra brannførebyggar. Vi har eit breitt spekter av oppgåver som skapar ein svært spennande og variert arbeidskvardag

 

Vi har ledig:

  • 100 % fast stilling som brannførebyggar

Arbeidsområde vert dagleg utføring av teneste knytt til brannførebygging og vurdering av risikoreduserande tiltak, feiing og tilsyn med skorsteinar og eldstader. I tillegg til andre oppgåver etter brann- og feiarvesenet sine lovpålagde oppgåver og behov. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • bruk av IT-systemet Cubit
  • sakshandsaming etter gjennomført feiing og tilsyn
  • delta i informasjonsarbeid internt og eksternt

 

Ønska utdanning:

  • fagbrev som brannførebyggar
  • førarkort kl. B

Det er ønskeleg med kjennskap til risikobasert feiing. Vi legg vekt på at søkar har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Har du anna relevant fagbrev, eller er ufaglært, kan du og søke. Du vil då forplikte deg til å ta fagbrev som brannførebyggar (praksiskandidat/vaksenlærling) med tilhøyrande teorieksamen.

 

Personlege eigenskapar:

  • du må vere pliktoppfyllande og oppteken av kvalitet under utføring av arbeidsoppgåvene
  • du evnar å arbeide både sjølvstendig og i team
  • vere ein omdømmebyggar for faget og kommunen som tenesteleverandør
  • normal god helse og fysikk, må kunne arbeide på tak
  • evne til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar
  • evne til å planlegge, prioritere og evaluere eiga arbeid
  • evne til å tileigne seg ny kunnskap

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Vi tilbyr:

  • engasjerte kollegaer og leiarar
  • løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Anna:

  • søknadsfrist på stillinga er 30.09.2023
  • tiltreding etter avtale
  • oppmøteplass er på Hovudbrannstasjonen på Husnes
  • kontaktperson Øyvind Ousdal – 970 74 594

 

Kvinner vert oppmoda om å søke for å få ei jamnare kjønnsfordeling. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.

 

 

Søk her

 

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 30.09.2023
  • Tiltreding: Etter avtale
  • Arbeidsstad: Hovudbrannstasjonen på Husnes

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

 

Kvinnherad kommune Brann og redning

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

September 30, 2023