Ønskjer du ein interessant legejobb OG ei aktiv fritid, med nærleik til Jotunheimen?
SJÅ HER!
Søknadsfrist 24.september
Kunne du tenkje deg å arbeide som fastlege saman med dyktige og gode kollegaer i Lom kommune? Da ynskjer vi deg velkomen på laget!
Vi har ledig ein fastlegeheimel, og i tillegg eit vikariat med varigheit på 12 mnd. som fastlege.
Vi kan tilby:
- Nærleik til fjellet og naturen
- Gode jakt- og fiskemoglegheiter
- Levande og triveleg sentrum
- Gode og trygge oppvekstvilkår
- Gode tenestetilbod
- Aktive lag og foreiningar
- Kort listelengde/ pasientliste
- Fast løn eller næringsdrift etter ønskje
- Godt arbeidsmiljø
- ALIS-stilling om du ønskjer det
- Hjelp til å skaffe bolig
Arbeidsoppgåver fastlegeheimel:
Fastlege i 80-100 % stilling. Listestorleik for stillinga er 600 pasientar. Ynskjeleg med tiltreding så raskt som mogleg. Stillinga er organisert under legetenesta, Helse og velferd, Lom kommune.
I tillegg kjem pliktande deltaking i regional legevakt, lokalisert på LMS Otta.
Arbeidsoppgåver vikariat:
Fastlege og tilsynslege i 80-100% stilling. Listestorleik for stillinga er 425 pasientar.
Sjukeheimslege ved Lom Helseheim, 10,5 timar per veke fordelt på 1,5 dag. Tiltreding etter avtale Stillinga er organisert under legetenesta, Helse og velferd, Lom kommune.
I tillegg kjem pliktande deltaking i regional legevakt, lokalisert på LMS Otta.
Legetenesta nyttar journalsystemet InfoDoc
Kvalifikasjonar:
- Gode samarbeidsevner
Norsk autorisasjon som lege med gjennomført LIS 1 - Spesialist i allmennmedisin eller ønskjer spesialisering
- Gode fagkunnskaper og ferdigheiter
- Gode evner innafor akuttmedisin
- Førerkort klasse B
- Plettfri vandel, politiattest kreves ved tilsetting
Høyrest dette spennande ut?
Send inn ein elektronisk søknad innan 24.september 2023.
Søk jobb hjå ein triveleg gjeng på Lom helsesenter!
Nærare opplysningar om stillinga får du av leiar for legetenesta, Sissel Frisvold tlf. 90115244
- Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.
- Namnet på søkjarar vil bli gjort offentleg.
- Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.
Vi ser fram til å høyre frå deg!