Nord-Fron Kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu ligg i Gudbrandsdalen, midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har ca. 5 900 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har nesten 14 000 innbyggarar og er med sine rundt 7 600 hytter eit av Norges mest attraktive fritidsområde. Nord-Fron kommune har eit breitt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskole, idrettslag og private kulturberarar som Peer Gynt, Countryfestivalen og Ronadaståk. Kommunen har både kunstgrasbaner, friidrettsanlegg og badeland. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge, med eit godt skole- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skole. Kommunesenteret Vinstra har positiv vekst, med eit breitt teneste og servicetilbod. Nord-Fron kommunes visjon er å vere det attraktive midtpunktet i Gudbrandsdalen. Våre verdiar er HEL VED | NYSKAPANDE | INKLUDERANDE.
Fastlege – ALIS
Nord-Fron kommune har ledig stilling som fastlege ved Vinstra legekontor. Stillinga er fastløna 100 %. Arbeidsgjevar stiller med rettleiar og dekker kurs og andre utgifter til spesialisering i allmennmedisin.
Tilplikta deltaking i interkommunal legevaktordning. Stillinga kan bli tilplikta andre kommunale oppgåver.
Vinstra legekontor har tilsaman sju fastleger og LIS1 lege. Kontoret er kommunalt drevet med tilsett hjelpepersonell.
Arbeidsgjevar har ansvar for IKT, utstyr og lokaler.
Tiltredelse snarast.
Kvalifikasjonar
– Offentleg godkjent lege.
– Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
– Du beherskar norsk språk både munnleg og skriftleg.
– Du er lærevillig og har stort pågangsmot.
Vi kan tilby
– Fast stilling i ein framoverlent kommune med dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.
– Varierte, meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver.
– Utviklingsmoglegheiter tilpassa deg og dine ambisjonar.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar.
– Konkurransedyktig løn.
– Hjelp med å finne bustad.
– Flyttegodtgjersle.
– Barnehageplassgaranti.
Føresetnader / vilkår
– Politiattest av nyare dato er kravd for stillinga.
– Arbeidstakarar i Nord-Fron kommune blir tilsett på dei vilkåra som til ein kvar tid framgår av gjeldande lover, reglement og Hovudtariffavtala.
– Det blir trekt 2% av brutto løn til pensjon.
Arbeidsplassane i Nord-Fron kommune skal pregast av mangfold. Våre tilsette skal gjenspeile kommunens befolkning. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller etnisk bakgrunn til å søkje jobb hos oss.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Søknadsfrist 11.03.21
Vår ref736/2021
Merk søknad
Fakta
Selskap Nord-Fron kommune
Stilling Lege
Stillingstype Fast dagtid
Lokasjon Legekontoret
Kontakter
Bente Merete Joten Skog, sektorsjef
Bente.Joten.Skog@nord-fron.kommune.no
Mobil 477 51 541
Anders Brabrand, kommuneoverlege
Anders.brabrand@nord-fron.kommune.no
Mobil 990 45 124