Fastlegestilling / ALIS

 

Me har ledig

Aurland kommune har ledig 2 100% stillingar for fastlege ved etablert legekontor. Me ynskjer velkomen nyutdanna lege under spesialisering (ALIS) eller spesialist i allmennmedisin.
Stillingane er knytt til Aurland legekontor som i dag har 3 fastlegeheimlar og ein LIS1-stilling. Legestillingane er fastløna. Legekontoret er godt bemanna med to erfarne helsesekretærar og ein sjukepleiar. Legekontoret nyttar journalsystemet Infodoc.

-Listetak er 700.

-Løn for ALIS: 900.000,- + 20% av inntente eigendeler/refusjonar. Avtale om næringsdrift (0-avtale) kan ordnast ved ynskje om det.

-Løn for spesialist i allmennmedisin etter avtale

-Det er knytta allmennmedisinske offentlege oppgåver til heimelen, sjukeheim eller helsestasjon.

-1 dag pr veke avsett til administrasjon

-Deltaking i 4-delt daglegevakt på kontoret i Aurland.

-Deltaking i interkommunalt 12-delt legevakt for kommunane Aurland, Årdal og Lærdal (totalt ca 9500 innbyggjarar), samlokalisert med legevaktsentral og KAD på Lærdal sjukehus. Rolege vakter med fast løn og fri etter vakt.

Me tilbyr

-ALIS vil få tildelt rettleiar, og me vil saman utarbeida og fylgja opp utdanningsplanen din. Rettleiing og supervisjon vil skje ved Aurland legekontor.
-Fri med løn til kurs inntil 4 veker pr år. Kommunen dekkjer kursutgifter som ikkje blir dekka av utdanningsfond II.
-Fokus på fagutvikling, med internundervisning kvar veke
-Kultur for ad-hoc rådgiving på heile legekontoret
-Samlokalisering og godt samarbeid med andre kommunale helsetenester
-Hjelp til å skaffe bustad
-Hjelp til å skaffe barnehageplass
-Hjelp til å skaffe arbeid til partner

Kvalifikasjonar

– Offentleg godkjend lege med norsk autorisasjon
– Akuttmedisinsk kompetanse for legevakt
– Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
– Førarkort klasse B, og disponere eigen bil. Kontoret har eigen legevaktbil
– Godkjend politiattest jfr helsepersonellova før tiltreding i stillinga
– Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Personlege eigenskapar

– Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
– Høg arbeidskapasitet
– Fleksibel
– Positiv ogengasjert
– Inovativ og nytenkande
– Ha respekt for den deinskilde bruar
– Sjå heilskapleg i eit brukarperspektiv

Krav til språkkunnskapar

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons og forsikringsordningar.

Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til godkjend politiattest førtiltreding i stillinga.

Tiltreding etter avtale

Har du spørsmål om stillinga eller lønn, kan du kontakte:
tenesteleiar Guri Olsen på tlf 95984663 eller kommunelege Frøydis Gullbrå på tlf 90959808

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke “glemt passord”.

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

 

Søk på stillingane her.

 

Søknadsfrist 23.11.2022

 

Vår ref808 Merk søknad

Fakta

Selskap Aurland kommune

Stilling Lege

Stillingstype Fast dagtid

Lokasjon Helse og førebygging

 

Kontakter

Guri Olsen, Leiar Helse og førebygging
guri.olsen@aurland.kommune.no
Mobil  959 84 663

Frøydis Gullbrå, Fastlege / kommuneoverlege
froydis.gullbra@aurland.kommune.no
Mobil  909 59 808  Arbeid  909 59 808

 

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for skiturar, fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden i Aurland kommune er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Del stillingen

Selskap

Aurland kommune

Kontaktinfo

  • Guri Olsen
  • Tittel: Leiar Helse og førebygging
  • E-Post: guri.olsen@aurland.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 959 84 663

Lokasjon

  • Aurland

Søknadsfrist

November 23, 2022