Vindafjord kommune

Vindafjord kommune

Faglærar og kontaktlærar 1.-10. klasse

 

Faste stillingar og vikariat ledig på Vikedal skule

Vikedal skule sitt målbilete er: «ein god stad å vera, ein god stad å læra». Me veit at den beste læringa skjer når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått – og når dei vaksne rundt samarbeider mot same mål. Difor legg me stor vekt på tillit, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne.

Me har ledig 2 faste stillingar på til saman 180% i hovudsak på ungdomstrinnet. Me treng og vikarar i til saman 300% stilling på barne- og ungdomstrinn. Me søkjer særleg etter undervisningskompetanse i norsk, engelsk og musikk, men og andre fag kan vere aktuelle.

Søk no, bli ein del av flokken vår i Vikedal og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa, både som pedagog og kollega.

Kva får du jobba med hos oss:

Bidra til eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø.
Planleggje og leie elevanes læring både i og utanfor klasserommet.
Byggja gode relasjonar til elevar og føresette.
Fremje elevane si læring med varierte undervisningsmetodar.
Rettleie og støtte elevane i leik, sosial utvikling og læring.
Ta del i eit fellesskap der med lærer, deler og utviklar oss saman.

Me kan tilby:

Ein jobb med meining og faglege utfordringar som gir meistring.
Engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Støtte og opplæring for å komma godt i gong i den nye rolla di. Nyutdanna lærarar vil få eigen mentor.
Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
For faste tilsette har me moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og komunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktlærartillegg for dei som tek på seg kontaktlæraransvar.
Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

Godkjent undervisningskompetanse for undervisning og tilsetting i grunnskulen.
Annen relevant pedagogisk utdanning vil bli vurdert i henhald til opplæringslova og gjeldande hovudtariffavtale.
Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

Dine personlege eigenskapar:

Elevsentrert: Du møter elevane med respekt, varme og nysgjerrigheit, er open og lyttande, og planlegg for meistring og læring.
Relasjonsbyggar: Du skapar tryggleik og tillit gjennom omsorg, gode relasjonar og tydelege grenser – både i klasserommet og på arbeidsplassen.
Lagspelar: Du likar å samarbeida, deler ansvar og bidreg aktivt til eit positivt skule- og arbeidsmiljø.
Problemløysar: Du tar ansvar, finn løysingar og handterer utfordringar på ein konstruktiv måte.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på ledig stilling her.

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Fast

Vikariat Heiltid/Deltid:

Deltid Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 08.09.2026

Tiltreding: Snarleg

Arbeidsstad: Vikedal skule

 

Kontaktpersonar:

Merete Djuve

Stilling: Rektor

mob: +47 47634791

E-post: merete.djuve@vindafjord.kommune.no

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/vikedal-skule/
Adresse: Kyrkjevegen 7 5583 Vikedal

Vindafjord kommune

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.

Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.

Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Merete Djuve
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 476 34 791

Lokasjon

  • Ølen

Søknadsfrist

September 8, 2026