Lærar restaurant- og matfag

 

Voss vidaregåande skule er ein moderne og framtidsretta skule med om lag 400 elevar fordelte på fem utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, restaurant- og matfag, naturbruk og teknologi- og industrifag. Skulen har òg ei eiga avdeling for tilrettelagd undervisning.
Skulen ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og har om lag 120 tilsette. Me arbeider systematisk med organisasjonsutvikling og kvalitet i opplæringa for å sikre best mogleg læringsutbytte for kvar enkelt elev. Voss vgs har høge ambisjonar og ønskjer å vere mellom dei leiande skulane innan dei utdanningsprogramma me tilbyr. Me legg særleg vekt på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokalt og regionalt næringsliv.
Frå 01.08.2026 har me ledig 100 % fast stilling i utdanningsprogrammet restaurant- og matfag.

 

Søknadsfrist: 17.05.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Skulestadmo
Stillingstittel: Lærar restaurant- og matfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5099631303

 

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.

  • 100 % faststilling med undervisning i programområde restaurant- og matfag
  • Stillinga vil i hovudsak innebere undervisning på Vg1, Vg2 og MFY (vaksenopplæring)
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av læringsarbeid
  • Bidra aktivt i profesjonsfellesskapet og i utviklinga av lutdanningsprogrammet
  • Samarbeid med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane. 

 

Kvalifikasjonar

Til undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf. opplæringslova. Dette inneber:

  • Relevant fagbrev innan restaurant- og matfag
  • Yrkeserfaring frå fagområdet

Det er ynskjeleg med:

  • Undervisningserfaring.
  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.

Søkjarar utan fullført formell pedagogisk utdanning (PPU/Y, YFL eller teknisk fagskule) kan tilsetjast fast på vilkår om å fullføre slik utdanning innan tre år.

 

Personlege eigenskapar

Me søkjer ein lærar som:

  • Er målretta, strukturert og har eleven si læring og utvikling i sentrum
  • Er tydeleg, inkluderande og støttande i undervisninga
  • Er kreativ, omstillingsdyktig og har engasjement for matfaga
  • Har gode samarbeidsevner og evnar å motivere og engasjere elevar
  • Tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt vekt på faglege og personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

 

Vi tilbyr

  • Nytt og moderne skulebygg og kjøkken
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Eit inkluderande og nyskapande profesjonsfellesskap
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver  
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

 

Voss vidaregåande skule, Strandavegen 251, 5710 Skulestadmo, Norge

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Marit Rykke
konst. rektor
 Telefon:91853521
E-post:Marit.Rykke@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Marit Rykke
  • Tittel: Konst. rektor
  • E-Post: Marit.Rykke@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: 918 53 521

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

Mai 17, 2026