Undervisningsstilling i anleggsfag

 

 

Fagskulen Vestland, avd. Voss treng lærar i anleggsfag. Anleggsutdanninga på Voss er ei god og populær utdanning, med eit triveleg arbeidsmiljø. Studiet er nettbasert med samlingar. Det er 3 klassar som har 6 samlinga kvart skuleår. Fagskulen er lokalisert saman med Voss vgs i Skulestadmoen på Voss.

Vi treng lærar i 100 % frå neste skuleår, men har ledig noko dette skuleåret om det kan vere aktuelt å starte i ein mindre ressurs. Vi har difor ei åpen utlysing på denne stillingen, så ta kontakt for ein prat om du er interessert.

 

Søknadsfrist: 01.04.2025
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: undervisningsstilling i anleggsfag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4873955336

 

Arbeidsoppgåver

–        Undervise og rettleie fagskulestudentar på fysiske samlingar og via nett
–        Utvikle gode undervisningsopplegg og bidra i tverrfaglege prosjekt saman med dei andre faglærarane
–        Utvikle gode arbeidskrav til studentane og vurdering av desse
–        Halde deg oppdatert mot næringa

 

Kvalifikasjonar

–        Sivilingeniør, ingeniør eller fagskuleingeniør innan anleggsfag
–        Gode kommunikasjonsevner
–        Pedagogikk er en fordel men ikkje et krav. Det kan leggjast til rette for å ta dette kan tas ved sidan av jobben.

 

Personlege eigenskapar

Du liker tanken på å vere lærar på fagskulen for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og allsidig praksis.
Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
Du er glad i faget ditt, og har evna til å engasjere deg, og samtidig engasjere andre.
Du ønsker å bidra til eit positivt arbeids- og læringsmiljø.
 
 
Vi tilbyr:
 
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege og engasjerte kollegaer, gode faglege diskusjonar og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.
I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
 
 
 

 

 

Kontaktinformasjon

Andrid Solaas
avdelingsleiar
 Telefon:90094432

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Andrid Solaas
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 90094432

Lokasjon

  • Voss

Søknadsfrist

April 1, 2025