Fagleiar Svelgen barnehage
Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune
Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med to barnehagar og 1-10-skule.
Svelgen barnehage har ledig ei fast stilling som fagleiar for barnehage i 100 % frå 01.02.22
Leiinga ved Svelgen oppvekst består av driftssjef, fagleiar skule og fagleiar barnehage.
I stillinga inngår fagleiaransvar for dei to barnehagane Langeneset barnehage og Svelgen barnehage.
Fagleiar vil fungere som leiar i pedagogiske spørsmål og administrative oppgåver når driftssjef er fråverande.
Søknadsfrist: 16.01.2022
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Stad: Svelgen
Stillingstittel: Fagleiar Svelgen barnehage
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4458928224
Arbeidsoppgåver
Administrativt, økonomisk- og fagleg ansvar, personalansvar og forvaltningsansvar saman med driftssjef for oppvekstsenteret
Leie og vidareutvikle barnehagane som ei pedagogisk og lærande verksemd i tråd med barnehagelova, rammeplan og overordna føringar og lovverk
Skape god relasjon med barn, foreldre og tilsette
Organisasjonsutvikling
Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage og barnehagane i kommunen
Strategisk leiing og planlegging
Tverrfagleg samarbeid om barn sin oppvekst og utvikling
Kvalifikasjonar
Krav om barnehagelærarutdanning
Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg
Gode, oppdaterte kunnskapar knytt til barnehagefeltet
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad
Krav om godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, vere løysningsfokusert og raus
Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere til stades i den daglege drifta og vere i avdelingane ved behov
Ha god evner til å inspirere, involvere og motivere medarbeidarane, samtidig som ein stiller krav
Vere sjølvstendig og ha gode framdrifts- og gjennomføringsevner
Vere strukturert og kunne handtere fleire og samansette arbeidsoppgåver
Vere ryddig og ha innsikt i økonomistyring
Vere fagleg sterk, ha evne til nytenking og sjå meininga av å vere tilgjengeleg for brukarane og personalet.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og ei engasjert og fagleg sterk fagleiargruppe
Lønn og tilsetjingsvilkår
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og overeinskomstar.
Det er 6 månaders prøvetid med 14 dagars gjensidig oppseiingsfrist.
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen, Norge
Kontaktinformasjon
Sindre Myklebust Fjeld, Driftssjef Svelgen oppvekst
468 06 321
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
959 85 263
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Bruksvilkår Tilgjengelegheitserklæring Webcruiter
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid
959 85 263
[email protected]
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med ca. 3.600 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no