Fagleiar flyktningtenesta

 

Er du vår nye fagleiar?

Er du ein tydeleg fagperson med engasjement og erfaring frå arbeid med integrering og inkludering? I så fall vil vi gjerne høyre frå deg!

Vi søkjer ein motivert og fagleg kompetent fagleiar som kan bidra med kompetanse og erfaring, samt sikre god kvalitet på flyktningtenesta sitt arbeid.
Vi ønskjer ein fagleiar som evnar å sjå heilskapen i arbeidet med busetjing, integrering og kvalifisering av flyktningar og innvandrarar, og som kan leie og bidra til vidareutvikling av tenesta og tverrfagleg samarbeid.

Litt om oss:

Tenesteområde integrering er ei tverrfagleg teneste organisert under kommunalområdet Livsløp. Vi har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, grunnskuleopplæring for vaksne og spesialundervisning for vaksne. I tillegg buset vi familiar, einslege mindreårige og vaksne med avtale om busetting, og følgjer opp dei som har behov for vidare oppfølging.
Flyktning- og integreringsarbeidet i Haram kommune er i ei spennande utviklingsfase, og det blir jobba kontinuerleg for å tilpasse tenestene til innbyggjarane våre sine behov.

Tenesteområde integrering har per i dag 7,3 årsverk.

Det kan bli aktuelt å endre organiseringa av tenesta i framtida for å sikre best mogleg ressursutnytting, styrke tverrfagleg samarbeid og tilpasse oss behova i lokalsamfunnet. Fleksibilitet og evne til å leie i endringsprosessar vil difor vere viktig. Integreringstenesta skal flytte til nye lokale våren 2025, noko som legg til rette for vidare utvikling av tenesta i moderne og funksjonelle omgjevnader.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi legg stor vekt på samarbeid på tvers av fagområde for å sikre tidleg innsats og gode løysingar for innbyggjarar og næringsliv.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:09.02.2025
Arbeidsgivar:Haram kommune
Stad:Brattvåg
Stillingstittel:Fagleiar flykningteneste
Stillingar:1
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:4905074036

Arbeidsoppgåver

Kartlegging og saksbehandling etter integreringslova
Inngå som ein del av leiarteamet i tenesta
Oppfølging av deltakarar på introduksjonsprogrammet
Dagleg drift og overordna fagleg ansvar for fagområda busetjing og introduksjonsordning
Rapportering og oppfølging av førespurnader om busetjing
Vidareutvikling og vedlikehald av tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
Saksbehandling og utarbeiding av søknader om prosjektmidlar og statlege tilskotsmidlar
Vere ein pådrivar for at det blir levert gode tenester i alle ledd, i samsvar med gjeldande lovkrav og føringar
Koordinere og ha tett samarbeid med Nav og andre offentlege instansar og ulike helsetenester
Tett samarbeid med ulike tiltaksarrangørar, arbeidsgjevarar og skule
Undervisning

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg med relevant bachelor- eller mastergrad, fortrinnsvis innanfor helse- og sosialfag. Andre kandidatar med anna relevant utdanning på minst bachelornivå og relevant erfaring vert også oppmoda om å søkje
Det er ein fordel med erfaring som leiar/fagleiar
Solid kjennskap til og erfaring frå kommunalt integrerings- og inkluderingsarbeid.
Erfaring frå arbeid med Introduksjonsloven/Integreringsloven, samt andre relevante lovverk innan fagfeltet.
Gode digitale ferdigheiter
Erfaring frå omstillings- og utviklingsarbeid.
Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Er ein synleg og kvalitetsbevisst fagleiar som evner å stille krav til alle ledd i tenesta.
Er løysingsfokusert, fleksibel og utviklingsorientert.
Bidreg til nytenking og har evne til å inspirere og motivere medarbeidarane sine.
Har eit bevisst forhold til å utvikle eit godt arbeidsmiljø.
Er strukturert og kan planleggje i samsvar med kommunen sine overordna planar.
Kan vere ein aktiv medspelar i felles utviklingsprosjekt.
Stor fleksibilitet og evne til å handtere fleire saker samstundes
Har handlekraft og gjennomføringsevne.
Har gode relasjonelle evner og kommunikasjonsferdigheiter.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Spanande faglege utfordringar i ein organisasjon i utvikling
Moglegheit til å bidra i oppbygginga av ei framtidsretta teneste
Tverrfagleg samarbeid og fokus på kompetanseutvikling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Løn etter avtale. God pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP 

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg, Norge

Kontaktinformasjon

Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef
Telefon:  922 43 788
E-post:frode.boe.hatlelid@haram.kommune

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

 

Del stillingen

Selskap

Haram kommune

Kategorier

Kontaktinfo

  • Frode Bøe Hatlelid
  • Tittel: Kommunalsjef
  • E-Post: frode.boe.hatlelid@haram.kommune
  • Mobil/Tlf: Telefon: 922 43 788

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

Februar 9, 2025